Hopp til innhold

Store overskot på metallverka

Etter etter eit par år med store underskot leverte Hydro sine metallverk i Årdal og Høyanger store overskot i fjor.

Årdal Metallverk/Høyanger Metallverk

OVER KNEIKA: Hydro tener igjen gode pengar i Årdal (t.v.) og Høyanger.

Foto: NRK

– Vi har eit overskot på 115 millionar kroner før renter og skatt. Det er vi veldig nøgde med, spesielt når vi veit at vi hadde underskot i første halvår, seier fabrikksjef Olaf Wigstøl ved Årdal metallverk.

Også kollegaene i Høyanger har grunn til å vere nøgde.

– Vi rapporterer eit resultat på 53 millionar kroner i overskot i 2010. Tilsvarande resultat for 2009 var 82 millionar kroner i underskot, opplyser økonimisjef Eyvind Røneid ved Høyanger metallverk.

Den kraftige resultatbetringa i Hydro blir forklart med høgare prisar på aluminium, og ikkje minst at dei to metallverka har vore gjennom ein kraftig hestekur for å redusere kostnadene.