Hopp til innhold

Sikrar arbeidsplassar

Hydro får ikkje berre bruke pengar i utlandet. Krav om investeringar i Norge er godt nytt for arbeidarane ved norske verk.

Hydro Aluminium i Årdal

KRAV: Staten vil sikre seg at Hydro brukar pengar også i Norge. Kravet sikrar arbeidsplassar, som ved verket i Årdal, meiner LO.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Det vert stilt klare forventningar til at Hydro må vise investeringsvilje i Norge, seier stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Ingrid Heggø.

Det er eitt av krava staten kjem med i den nye eigarskapsmeldinga som vart lagt fram i går.

Godt nytt for Årdal og Høyanger

- Det inneberer at Hydro må ein strategi for å investere i Årdal, Høyanger, Karmøy og på Sunndalsøra, seier Heggø.

- Kvifor kjem dette no?

- Fordi vi ser at selskapa kanskje har meir lyst til å berre investere i utlandet og ikkje i Norge, svarar stortingsrepresentanten.

Ingrid Heggø

STORTINGSREPRESENTANT: Ingrid Heggø (Ap).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Dette er noko som dei tillitsvalde har skrike høgt om, og faktisk også leiinga i Hydro i Norge.

Kan leve med nye krav

Det vil heller ikkje vere nok å ha hovudkontor i Norge med ein sjef. Leiinga må vere i Norge og fatte avgjerd frå Norge. Det vert også stilt krav om at teknologiutvikling og forskning skal liggje her i landet.

- Det gjelde for Statkraft, men også for dei andre selskapa som vi er med å eiger, seier Heggø.

- Kan industrien leve med desse krava?

- Ja, absolutt.

Sikrar arbeidsplassar

Eigarskapsmeldinga vert godt motteke av LO. Distriktssekretær for LO i Sogn og Fjordane, Arvid Langeland seier at meldinga er i tråd med krava LO sjølv har stilt.

- Kva betyr det at det vert stilt klare forventningar om at Hydro skal investere i Norge?

- Det betyr veldig mykje. Det som er viktig for oss her i fylket er at Hydro ser på våre to verk i Årdal og Høyanger og at vi får investeringar her, seier Langeland.

Arvid Langeland

LO: Distriktssekretær Arvid Langeland

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han påpeikar at investeringar er noko både LO og dei tillitsvalde ved verka er veldig opptekne av.

- Investeringar vil vere med å sikre dagens arbeidsplassar og leggje grunnlaget for nye, seier Langeland.

Han vil ikkje gå inn på kva type investeringar som bør gjerast.

- Det må verka og Hydro avgjere, men det er naudsynt med investeringar. Det har vi høyrt i lengre tid. Difor håpar vi veldig sterkt at dei føringane som no vert lagt på Hydro, at dei kjem Sogn og Fjordane til gode.

Stopp i lønnsfesten

Eigarskapsmeldinga stille også strengare krav til leiarlønningar, pensjonar og fallskjermar. Noko som klinger godt i øyrene til LO.

- I kvart tariffoppgjer blir vi møtt med krav om moderasjon, og vi meiner vi har vore moderate.

- Når vi har sett utviklinga innan leiarlønningane som er avdekka i statseigde verksemder, er det heilt på sin plass at det kjem krav om at det skal holdast igjen også i den sektoren.

Kravet gjeld alle selskap der staten er inne som eigar.

- Det betyr at også innan for helseføretaka må ein vise moderasjon, seier Heggø.

Også stopp for helsetoppane

- Vi har sett at det har teke skikkeleg av innan enkelte område, seier Langeland.

Han viser mellom anna til utviklinga av leiarlønningane i helsesektoren.

- Her må det gjelde på toppen, det som gjeld elles i samfunnet, seier Langeland.