Hopp til innhold

Store forskjellar: Her får flest straff for å droppe karantenehotell

Mens politiet i vest straffar mange som nektar karantene, legg politiet i aust vekk nesten alle saker. – Forskjellsbehandling, seier mann som nektar å betale.

Bergen lufthavn Flesland

LANDA I BERGEN: Mannen NRK har snakka med landa på Flesland og reiste heim i staden for til karantenehotell. Det ville han ikkje – og det fekk han straff for.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Saman med kona kom ein bergensar heim frå eit opphald på Tenerife 18. april

– Eg sa me ikkje skulle på karantenehotell, og grunngav det med at me kunne bli smitta der, seier mannen i 60-åra.

NRK kjenner identiteten hans.

Då var reglane strenge for reisande. Dei som kom til Noreg frå ein unødvendig tur til utlandet, måtte bu heile karanteneperioden på hotell, ifølgje Helsedirektoratet.

I grensekontrollen på Flesland lufthamn blei dei fortalt dette. Men ekteparet ville ikkje på karantenehotell.

– All den tid det berre var meg og kona som budde i huset, fann eg ut at det var ei god løysing å reisa heim, seier mannen.

Ekteparet bur åleine, og på førehand hadde eit av barna deira handla inn mat. Slik kunne dei vera i karantene heime i huset.

To-tre veker etter at dei var komne heim, dumpa det ned eit brev i postkassa til paret. Der stod det at dei hadde fått 20.000 kroner kvar i førelegg.

NRK-kartlegging viser ulik praksis

NRK har kartlagd korleis politiet straffar folk som bryt plikta om karantenehotell. Tala for første halvår av 2021 viser stor forskjell i kva straff folk kan venta seg om dei droppar karantene på hotell.

Vår gjennomgang viser at over halvparten av alle førelegga i heile landet vart skrivne ut av politiet i Vest politidistrikt.

– Eg synest det er veldig urettferdig. Me kjenner iallfall fire par som har reist rett heim, og alt var i orden, seier mannen.

Para mannen i 60-åra viser til, landa på Gardermoen 1. mai, men vart ikkje bøtelagde for å reisa rett heim.

Scandic Kokstad

KARANTENEHOTELL: Scandic Kokstad i Bergen vert brukt som karantenehotell. Vest politidistrikt gir førelegg dei som heller vil bu heime.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det er forskjellsbehandling. Ein får veldig lite tillit til politiet når dei behandlar folk slik, seier mannen.

Også i mai var det strenge innreiserestriksjonar.

Så stor er forskjellane

Det er Vest politidistrikt som har gitt straff til flest personar. Samtidig har Øst politidistrikt klart flest saker – men der blir nesten alle lagde bort.

I starten av juli hadde Øst politidistrikt motteke 270 politimeldingar. Berre åtte av desse førte til førelegg – 262 saker vart lagde bort.

Vest politidistrikt hadde på same tid gitt 25 personar bot for å ha brote plikta om karantenehotell.

Politidistriktet vil ikkje oppgi kor mange politimeldingar dei hadde motteke. Men dei opplyser at dei har lagt bort færre enn 25 saker.

I tillegg har Vest politidistrikt bøtelagt sju fleire i løpet av juli.

Talet i vest er langt høgare enn i andre politidistrikt.

Meldingar og forelegg i politidistrikta

Politidistrikt

Meldingar

Forelegg

Agder

23

10

Finnmark

Kan ikkje ta ut tal

Kan ikkje ta ut tal

Innlandet

9

6

Møre og Romsdal

1

1

Nordland

16

4

Oslo

13

6

Sør-Vest

15

8

Sør-Øst

ca. 30

0

Troms

2

1

Trøndelag

Ikkje svart

Ikkje svart

Vest

Ikke oppgitt

25

Øst

270

8

Ekspander/minimer faktaboks

– Har ikkje heimel

John Christian Elden har tidlegare skulda Øst og Vest politidistrikt for å handsama saker der folk har brote plikta om karantenehotell ulikt.

Han meiner at politiet uansett ikkje kan gje bøter for å bryta karantenehotellplikt, fordi han hevdar dette er noko «alle» er samde om at ikkje kan gjerast ved tvang.

SAS-fly lander på Bergen lufthavn Flesland

Mange som har landa på ein flyplass i Noreg det siste året, har blitt sendt på karantenehotell.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Pålegg om karantene på hotell har ikkje heimel i smittevernlova eller menneskerettane. Når du ikkje kan bruka tvang, kan du heller ikkje bøtelegga eller straffa, då det nettopp er eit forsøk på tvang, skriv Elden.

Politiet: Ikkje tid

Politiinspektør Anne Langseth i Øst politidistrikt opplyser at ein god del av politimeldingane dei har teke imot, er lagde bort.

– Grunnen er mellom anna at mange av meldingane blir oppretta utan at det er tid til å gjera særleg undersøking samtidig som grensekontrollen går føre seg. Når ein i etterkant får moglegheit til å undersøkja meir, er det ofte at ein finn at det ikkje er grunnlag for straffeforfølging, eller at det ikkje er dekning i bevis for straffeforfølging.

I Øst politidistrikt er det også fleire grenseovergangar enn i Vest. Gardermoen ligg også innanfor Øst sine grenser.

– Det er ikkje unaturleg at det er forskjellar mellom politidistrikta. Eit særtrekk ved Øst politidistrikt er at me har landets tre største grenseovergangar – Oslo lufthamn Gardermoen, Svinesund og Ørje. Dette skapar naturlegvis ei større mengd saker, seier ho.

Aktivt arbeid i vest

Kristina Caldwell, seksjonsleiar for Felles straffesaksinntak i Vest politidistrikt, trur ho veit kvifor fleire er bøtelagde i distriktet.

Her har det nemleg vore jobba aktivt med å følga smittevernforskrifta.

Mellom anna har i hovudsak éin politiadvokat jobba med alle brota på smittevernforskrifta, for at det skulle bli lik behandling av sakene.

– Det er eit krevjande regelverk. Det endrast heile tida, og det er laga fort. Det er ikkje så mykje forarbeid og heller ikkje så mykje rettspraksis, seier Caldwell.

Scandic Kokstad
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I tillegg har patruljane i distriktet fått tett oppfølging av jurist.

– Det kan tenkjast at me har ein høgare andel positive påtaleavgjerder fordi me har drive veldig aktiv rettleiing i den innleiande fasen, seier Caldwell.

Ho seier påtaleeininga i politidistriktet har vore opptekne av at handsaminga av koronalovverket skal vera rettferdig.

– Me har fokusert veldig på å berre oppretta saker på klare brot på klare reglar.

Caldwell minnar om at reglane om å reisa på karantenehotell har vore klare.

– Viss ein hadde opna for at ein skulle ta ei eiga vurdering, ville me ikkje klart å handheva noko. Det ser ut som om lovgjevar har tenkt at me skal vera lojale og forholda oss til den. Den er ganske klar, seier Caldwell.

Vil ha Riksadvokaten på bana

Elden etterlyser svar frå Riksadvokaten.

– Lik behandling av like tilfelle er eit viktig ideal i behandlinga av straffesaker. Det er vanleg, og me må rekna med visse forskjellar i distrikta. Men me kan ikkje utelukka at det på dette feltet er større forskjellar enn det som er naturleg som følgje av ulike ressursar, ulike saker og andre moglege relevante forskjellar, skriv statsadvokat Tone Aase hos Riksadvokaten i ein e-post til NRK.

Statsadvokat ved Riksadvokatembetet, Tone Aase.

UNDERSØKJER IKKJE: Riksadvokaten vil ikkje undersøke skuldingane nærmare, opplyser Tone Aase, statsadvokat hos riksadvokatembetet.

Foto: Riksadvokatembetet

Ho kan ikkje konkludera med sikkerheit at ulike politidistrikt handterer brot på reglane ulikt.

– Dersom det finst ugrunna forskjellar, er dette uheldig. Ei nærare kartlegging av slike moglege forskjellar, og årsaker til eventuell ulik handheving, ville krevja ei omfattande analyse, skriv ho.

Ho peikar på reglar som vert endra hyppig og er kortvarige. Difor seier Aase at Riksadvokaten ikkje vil gå gjennom forskjellane NRK har avdekka.