Hopp til innhold

Rebekka frykta å vera åleine etter fødselen. No snur sjukehuset

Berre seks sjukehus i Noreg let fedrar bli verande etter fødsel. Høggravide Rebekka Instøy Dalland på Tysnes er blant dei få heldige.

Rebekka Instøy Dalland

TUNGE VEKER: Høggravide Rebekka Instøy Dalland har vore redd for at mannen ikkje fekk vera med ho etter fødselen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

I fleire veker har Dalland frykta å bli åleine etter fødselen. Ho skal bli mor for første gong og har termin 23. mai. På kontroll på Stord sjukehus er hjartelyden fin, jenta i magen ligg rett veg og er klar til å koma ut.

Fram til nyleg har ho og mannen vore redde for at han måtte reisa heim til Tysnes like etter fødselen på grunn av smittevernreglane.

– Frå å bli rådd til å ha babyen i beresjal på barselavdelinga, blei han utelaten heilt. Han har følt seg gløymt, og eg har grua meg til å bli sitjande åleine med alt det nye, seier ho.

Fødetavle på Stord sjukehus

FØDETAVLE: Stord sjukehus har hatt 56 fødslar der partnar er sendt heim like etter.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Få sjukehus opnar opp for partnarar

Fødeavdelingane i heile landet har sendt partnarane heim rett etter fødsel under koronautbrotet.

Trass i at samfunnet no gradvis opnar opp igjen, er dei aller fleste barselavdelingane framleis berre opne for mor og barn.

Men på sjukehusa på Stord, i Levanger og Namsos, og på barselavdelingane i Nordfjord og Lærdal, let dei no fedrar og medmødrer bli med under heile opphaldet. I Stavanger er barselhotellet ope for partnar, men barselavdelinga er framleis stengt.

– For oss har det vore viktig og naturleg å letta på restriksjonane når resten av samfunnet opnar opp. Det er svært viktig for både mor og partnar å vera saman dei første dagane, seier jordmor og seksjonssjef på Stord sjukehus, Isabel Solvang Tofte.

Etter 56 fødslar med partnarforbod på barselavdelinga, bad ho sjølv Helse Fonna om å vurdera smittefaren på nytt.

Framleis er det smittevernsreglar som at partnar må vera heilt frisk for å kunna vera med på både fødsel og barsel. Partnar kan heller ikkje forlata sjukehuset og koma tilbake.

Isabel Solvang Tofte

OPNAR OPP: Isabel Solvang Tofte ved fødeavdelinga på Stord seier det er viktig både for mor og partnar å vera saman i barseltida.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Komande foreldre er uroa

Jordmorforbundet blir kontakta av mange gravide, som er uroa for dei strenge smittevernreglane. Dei ber no sjukehusa om gjera grundige vurderingar.

– Resten av samfunnet opnar opp. Då er det naturleg at det blir gjort ei lokal vurdering om det er muleg å opna opp for at fedrar kan vera med både på fødsel og i barseltida, seier leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

Nokre sjukehus og helseføretak NRK har vore i kontakt med, seier dei vurderer å letta på barselreglane. Fleire har likevel ingen planar å endra rutinane.

– Har landa eit turbulent fly

Folkehelseinstituttet har ingen eigne råd for smittevern på fødeavdelingane, men mange støttar seg på besøksforbodet i helseinstitusjonane.

Dei seier at det snart kjem nye råd for besøk i helseinstitusjonane, men at dei må tilpassast lokale forhold.

For Rebekka Instøy Dalland og mannen kom avgjerda til Stord sjukehus i tide. Dei er letta, og er klare for å gå gjennom fødsel og barseltid saman.

– Det kjennest som me endeleg har landa eit fly med veldig mykje turbulens, seier ho.