Hopp til innhold

Berre ruinar igjen etter at bustad brann ned – ein person er sikta

21 personar frå ni bustader blei evakuert etter den kraftige brannen. Ein person blei sendt til sjukehus.

Brann i Alver kommune

STORE RØYKMENGDER: Politiet ber alle i området om å halde vindauga lukka.

Foto: Bergen Foto og Media

Fredag kveld rykka naudetatane ut til Knarvik i Alver kommune, som ligg i Vestland. Der brann det kraftig i ein bustad.

– Brannvesenet er framleis på staden saman med politiet. Bygningen er heilt nedbrent, så det er berre ruinar, seier operasjonssledar Stein Rune Halleraker til NRK klokka 00.42 natt til laurdag.

Men det brenn og ryk godt framleis.

Meldinga om brannen kom klokka 20.15. På grunn av spreiingsfare blei ni andre bustader evakuert.

Laurdag morgon opplyser brannmannskap på staden at det blir ettersløkking utover føremiddagen. Alle som har vore evakuerte får no flytte tilbake til heimane sine.

Totalt vart 21 personar evakuerte, skriv NTB.

Brannvesenet rykte ut til brann i ein einebustad i Alver kommune klokka 20.15. Ni hus er evakuerte på grunn av spreiingsfare, melder politiet.

Brannvesenet rykte ut til brann i ein einebustad i Alver kommune klokka 20.15.

Ein person er sikta

Halleraker opplyser at ein person er sikta i saka. Personen er ikkje arrestert.

– Denne personen er avhøyrt og dimittert. Dei vil bli avhøyrd på nytt seinare, seier Halleraker.

Han kan førebels ikkje seie om dei har tilknyting til bustaden.

Til Bergens Tidende opplyser Halleraker at siktinga er teke ut fordi det er brukt tvangsmidlar mot personen.

Han understrekar at det ikkje er mistanke om at brannen er påtent.

Ein person sendt til sjukehus

Fem personar blei evakuert ut av huset som brann. Ein av desse er sendt til sjukehus.

– Denne personen var bevisst og oppegåande når dei blei frakta vekk med ambulanse. Mistanken er eksponering for ein del røyk, seier Halleraker.

Dei andre fire evakuerte fekk hjelp av helsepersonell på staden fordi dei har pusta inn røyk.

Nokon blei anbefalt å oppsøke legevakt, men Halleraker veit ikkje om dette blei gjort.

Fem personar har blitt evakuerte ut av bygget som brenner i Alver kommune.

Fem personar har blitt evakuerte ut av bygget som brenn i Alver kommune.

Både brannvesenet og politiet er igjen på staden.

– Me har ressursar på staden, både i forhold til vakthald, men også for å gjere undersøkingar, avhøyr og andre etterforskingsskritt. Det vil bli oppretta sak, seier Halleraker.

Han ber andre naboar om å halde seg innandørs med vindauga lukka

Nabo skildrar dei dramatiske augneblikka

– Det gikk så fort, seier ein nabo til NRK, som har blitt evakuert frå sitt hus like ved. Det er ein fantastisk flott nabo vi har som har mista livsverket sitt no. Det er trist, seier han.

Han og familien har no kome seg til eit hus lenger borte i vegen.

– Akkurat då vi var ferdige å ete så ringte det på døra. Naboen sa: «Du må kome, for det brenn litt hos meg.»

Huset har torvtak, ifølge mannen. Han stod ute saman med bebuaren i huset då brannen plutseleg blussa opp.

Brann i bustad i Knarvik

Brannen i einebustaden starta med flammar som stod opp av taket, skriv NTB.

Foto: Bergen Foto og Media

– Eg såg litt gnistar eller flamme på hjørnet av huset der. Så ropte eg inn at vi måtte ringe brannvesenet, for eg hadde ikkje telefon med meg. Då eg kom tilbake, det er snakk om 20 sekund, så stod eigentleg den veggen i full fyr, seier han.

Brannvesenet har byrja å spyle eitt nabohus som eit førebyggande tiltak, opplyser Halleraker i politiet. Dette er huset til naboen som NRK har snakka med.

– Det er ei stund sidan vi har fått noko informasjon, men slik vi har skjønt det med vindretning og alt, tilseier det at dette skal gå bra.

Alver kommune har opna opp rådhuset for å ta imot dei evakuerte og ta vare på dei som treng det.