Hopp til innhold

"Ganske mykje trøkk" på ferjesambandet Hella-Vangsnes etter tunnelbrannen

Brannen i Gudvangatunnelen i går førde til at mange bilistar tok ferjesambandet Hella-Vangsnes på veg til eller frå Bergen.

MF Selje

STOR TRAFIKK OVER VANGSNES: Stenginga av E16 førde til at mange tok ferja 'Selje' mellom Hella og Vangsnes. Arkivfoto.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

E16 mellom Flåm og Gudvangen blir stengd ei stund, og dermed blir det auka trafikk på både Mannheller-Fodnes og Hella-Vangsnes.

Ekstra nattferje

Styrmann Marius Theis Moe på bilferja «Lærdal» på sambandet Hella-Dragsvik- Vangsnes fortel at det var stor trafikk i går ettermiddag og kveld.

– Det var ganskje mykje trøkk då eg kom på jobb klokka 18, men natta har vore ganske roleg. Trafikken roa seg rundt klokka 22-23.

Det vart sett inn ekstra nattferje på Hella-Vangsnes på grunn av stenginga av E16. I går gjekk nokre ferjer doble turar over fjorden for å ta unna trafikken.

– I går kveld var det litt kø på grunn av mange store bilar og campingbilar, men entreprenøren Mesta var på plass og dirigerte, seier Theis Moe,.

Han har vore på jobb i heile natt, han går etter planen av vakt klokka 08.00 i dag.

– Vi ventar meir trafikk enn normalt i dag og.

Bilferja "Lærdal"

GJEKK I SKYTTELTRAFIKK: Bilferja 'Lærdal'.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I tillegg til «Lærdal» går bilferja «Selje» også på sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes.

Mest trafikk i Hardanger

For dei som normalt brukar E16 mellom Oslo og Bergen er riksveg 7 over Hardangervidda eit alternativ.

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen reknar med at det kjem til å bli mest trykk på ferjesambandet Bruravik-Brimnes i Hardanger.

– Vi vil saman med Fjord1 vurdere kvar vi skal sette inn ekstra ferjekapasitet. På Mannheller-Fodnes reknar vi med å ta unna trafikken med det materiellet vi har.

Mange har teke vegen om nordsida av Sognefjorden, via ferjesambandet Mannheller-Fodnes, på riksveg 5 til Sogndal, vidare på fylkesveg 55 til Hella, og så på riksveg 13 frå Vangsnes over Vikafjellet til Voss.

Slinde fortel at dei vil legge ut informasjon om ekstraferjer på nettsidene til Statens vegvesen og Fjord1.

– Men det er krevjande for utanlandske trafikantar å orientere seg når det er vegsteningingar. Vi skiltar med at dei skal ringe 175, vi har skilta i ei rekkje vegkryss.