Hopp til innhold

Suksessbedrift omsette for 12 millionar på åtte månader

Highsoft Solutions i Vik blir kalla eit eventyr av juryen. Dei har 51 av dei 100 største selskapa i verda på kundelista. Databedrifta er ein av fem finalekandidatar til prisen Årets Gründer 2012.

Anne J. Fjærestad, Gert Vaartjes, Hilde Instefjord, Torstein Hønsi, Guro Myrkaskog, Grethe Hjetland

HIGHSOFT SOLUTION: Anne Jorunn Fjærestad, Gert Vaartjes, Hilde Instefjord, Torstein Hønsi, Guro Myrkaskog, Grethe Hjetland jobbar i suksessbedrifta i Vik

Foto: Birger Meland / NRK

Highsoft Solutions i Vik opplever ein veldig etterspørsel og har gjort stor suksess på kort tid. Bedrifta leverer dataverktøy som blir brukt til å vise fram diagram på ei internettside.

– Facebook, BBC og Twitter er mellom kundane. Dei som har kjøpt produktet, set pris på det og tykkjer det er lett å administrere, seier dagleg leiar Grethe Hjetland.

Stor omsetnad på kort tid

For halvannan år sidan blei Highsoft Solution starta i Vik. På knappe åtte månader kom selskapet opp i ei omsetnad på 12 millionar kroner og kunne bokføre eit resultat på over åtte millionar kroner.

Highsoft Solutions lagar avanserte presentasjonsløysingar for internett og firmaet har altså ei lang rekkje av dei største firmaa i verda på kundelista.

Hjetland seier dei driv med programutvikling.

– Vi har utvikla eit program som er mest brukt av andre programmerer. Det er eit verktøy som skal hjelpe dei til å vise fram diagram på ei nettside, seier ho.

Starta med snømåling på fjellet

Torstein Hønsi

STARTA I DET SMÅ: Torstein Hønsi har tent seg rik på firmaet sitt.

Foto: Birger Meland / NRK

Eventyret i Vik starta medan Torstein Hønsi jobba i Nordsjøen. I friperiodane brukte han tida på fjellturar og på si eiga heimeside.

– Eg var mykje i på fjellet og samla inn data på kor mykje snø det var i fjellet. Dette la eg ut på ei heimeside og ville vise dette med grafar. Det var slik produktet tok form. Men i den tenkte eg ikkje kommersialisering, det kom seinare, fortel gründeren.

Grethe Hjetland fortel at dansk TV2 brukar verktøyet for å vise fram langtidsvarselet.

– Det blir enkelt å sjå korleis temperaturen stig, når sola skin og korleis skylaget er, seier ho.

Rett til himmels

Til saman har dei selt 22 000 lisensar på produktet sitt. I år har det vore ein veldig vekst i firmaet og dei reknar med ein omsetnad på 22 millionar kroner.

– Det går rett til himmels, kan ein kanskje seie. Vi er veldig heldige som har klart å etablere eit godt arbeidsmiljø her. Vi har flinke utviklarar og har eit produkt som sel lett, seier Hjetland.

Imponert jury

Det er ein jury som har plukka ut dei fem finalistane. Den består av banksjef Arvid Andenæs, Innovasjon Norge-sjef Halvor Flatland og Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke. Bedrifta i Vik har imponert juryen.

– Highsoft Solutions er eventyret om gründeren Torstein Hønsi som starta i kjellaren heime. Så byrja nokre å snuse på produktet og var interesserte i å kjøpe det, Det har vore ei fantastisk utvikling i dette selskapet seier Halvor Flatland.

Simen Staalnacke er samd i at denne bedrifta har gjort det svært bra.

– Det er fantastisk at ei slik bedrift har utvikla seg så fort i ein bransje der det er så mange aktørar. Heile 51 av kundane er mellom dei 100 største selskapa i verda. Dei må ha gjort noko veldig rett og det blir spennande å følgje fram framover, seier han.

– Må vere best heile tida

Banksjef Arvid Andenæs seier dei har funne sin plass i ei smal nisje, i ein enorm marknad.

– Men dei har kome fort inn på marknaden og også fordi ramle ut fordi andre har noko som er betre. Del sel lisensar og ikkje langsiktige kontraktar, så dei må vere dei beste heile tida.