Hopp til innhold

Diagram frå Vik har lokka BBC til å bli kunde - no vil selskapet utvide

Dataselskapet Highslide Software i Vik har på kort tid fått kundar over heile verda. No vil dei utvide.

Diagram frå Highchart i Vik

KAKEDIAGRAM: Programmet som illustrerer tal i ulike diagram har freista store kundar som BBC.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Av dei hundre største selskapa i verda er 18 kundar hos oss, seier grunder Torstein Hønsi.

Har fått BBC som kunde

Det er eit lite dataeventyr som er i ferd med å ta form i Vik, i Sogn. Det som starta med eit lite heimekontor er no blitt til eit selskap som leverer tenester til store kundar som BBC og Storm.

Førebels er dei berre to tilsette, men no vil dei bli fleire.

- Vi har lyst å utvikle eit programmeringsmiljø her i Vik, seier dagleg leiar Grethe Hjetland.

Enkelt fortalt har selskapet til no utvikla to program. Det eine er eit program for biletgalleri på internett, Highslide. Det andre er eit program som gjer det enkelt å illustrere tal i form av ulike typar diagram, Highchart.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tostein Hønsi og Grethe Hjetland

VIL BLI STØRRE: Torstein Hønsi og Grethe Hjetland håpar dei kan få fleire kollegaer i verksemda si.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Starta med at han mista jobben...

Eventyret starta i 2003 då Hønsi mista jobben i Nordsjøen. Han fekk då jobb i Vik IT-partner og kunne då bruke tid på hobbyen sin, dataprogrammering.

I 2006 hadde han utvikla programmet Highslide. Etter kvart vart det gjort tilgjengeleg på internett for andre, og no har programmet fleire tusen brukarar.

For eitt år sidan kom det andre programmet, Highchart på marknaden. Dagen etter at produktet vart lansert besøkte 13 000 heimeside og salet starta umiddelbart.

- Uansett korleis du ønskjer å presentere talmaterialet ditt så kan du gjere det med dette verktyet, seier Hønsi.

Britisk valresultat i kaker frå Vik

Og det er det store selskap som har oppdaga. Under det britiske valet presenterte BBC resultata med kakediagram laga med dette programmet i Vik.

- Det var artig å sjå produktet mitt i bruk på nettsidene til eit av verdas mest kjende mediehus, seier Hønsi stolt.

Det som starta med eit heimekontor har no vakse seg større. Ved årsskiftet flytta selskapet inn i eigne lokalet på Arkitekthuset i Vik sentrum.

Og Hønsi har også fått selskap av dagleg leiar Grethe Hjetland.

- Eg tenkte at skal eg gjere noko anna her i livet må eg gjere det no. Eg trur mange kan bli gladare om dei torer å ta ein sjanse, seier Hjetland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torstein Hønsi viser fram programmet

BRUKARSTØTTE: Kontakten med kundane skjer i hovudsak gjennom internett, der kunande kan stille spørsmål på diskusjonsforumet, fortel Torstein Hønsi.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det meste skjer over internett

Kontakten med kundane skjer over internett. På e-post og eit nettforum der brukarane og kundane er registrerte.

Ein ingeniør i Polen og ei kvinne Fredrikstad er knytt til verksemda og arbeider med teknisk brukarstøtte på dei to programma.

Marknadsføringa er enkel, den skjer gjennom verdsveven.

- Dei som er potensielle kundar veit korleis dei skal finne oss, på internett, forklarar Hjetland.

Vil doble omsetnaden

No håpar dei to at dei skal få fleire kollegaer og kan utvide selskapet.

- Eg trur vi må bli fire tilsette om kort tid. Eg meiner det går an å få til kva som helst også her i Sogn og Fjordane, seier Hjetland.

I fjor omsette selskapet for om lag 3 millionar kroner. I 2011 reknar dei med å doble omsetnaden.