GÅR SO DET GRIN: Gründer Njål Wilberg. Her saman med Solveig D. Kristiansen i lege.no.
Foto: Birger Meland / NRK– Det er åtte fast tilsette på Mjømna, tre som jobbar frå Bergen, og so har med også ein del deltid. Til saman ligg me på rundt 20 årsverk i huset her på Mjømna, fortel Njål Wilberg, gründer i bedrifta Ask Adam.
– Byrjar å bli næring
– Omsetninga i huset dette året blir samla rundt 35 millionar, so det byrjar å bli næring av det, seier han.
Til saman sju verksemder held hus på den vesle øya Mjømna i Ytre Gulen. Det er basen for 20 årsverk på ei øy med om lag 60 innbyggjarar.
- LES OGSÅ:
– Det har gått fort og det har vore veldig kjekt. Det er nok dei mest produktive åra me kjem til å oppleva. Me har etablert oss her med familie, og me har vore med å starta opp det som byrjar å bli vesentleg næring i lokalsamfunnet.
– Hadde det ikkje vore lettare å driva verksemd i ein storby?
– I forhold til å diva næring er kanskje rammebetingelsane betre i Bergen, Oslo eller London, men for vår del var dette også eit verdival der me skulle vera med familien vår. Då fann me ut at me hadde lyst å prøve å bu på Mjømna, som me hadde eit veldig godt forhold til, og det har fungert veldig bra.
Godt samarbeid
BEAT. NO: Dagleg leiar Simen Wilberg.
Foto: Linn Dyveke Wilberg / Beat.noSimen Wilberg er også ein av dei som har skaffa seg eit levebrød på øya, som ein av gründerane bak musikktenesta beat.no.
– Etter utdanninga såg me moglegheita for å flytta heim og gjera noko veldig spanande og motiverande, seier han.
- LES OGSÅ:
Han peikar på at sjølv om det er eit lite miljø, er det også ein av fordelane med å vera plassert på den vesle øya.
– Kulturen me har mellom selskapa er nesten ein av dei viktigaste faktorane me har for å oppnå suksess. Det at me sit i eit tett miljø der me kan dra nytte av kvarandre på kryss av selskapa, det er kjempeviktig, seier Simen Wilberg.