Hopp til innhold

Stor mangel på augelegar: Kan bli 122 veker ventetid

I Tromsø kan behandling av augesjukdomen grå stær gi ei ventetid på oppimot to år. Ifølge rapport treng Noreg langt fleire augelegar i møte med eldrebølga.

Bilete av augelegekonsultasjon av Astrid Gytri, 19.10.21

FÅ LEGAR: Helsedirektoratet seier til NRK at dei ikkje har oppdaterte tal på underskotet av augelegar, men erkjenner problemet.

Foto: Erlend Skorpetveit Aga / NRK

– Livet blir på ein måte sett på vent heilt fram til du får hjelp, seier Astrid Gytri (60).

Ho fekk synsproblem alt i tenåra, og har vore pasient ved augeavdelinga på Førde sentralsjukehus i ei årrekke. Som 14-åring fekk ho transplantert inn ei ny hornhinne.

I 2008 blei ho operert for grå stær, eller «tåkesyn», som i dag rammar ein tredjedel av dei som er 65 år eller eldre.

– Det er veldig frustrerande når du må vente lenge på ei forklaring på kvifor synet blir gradvis dårlegare, seier Gytri.

Og det er det mange som må.

I 2013 varierte ventetidene for behandling av grå stær frå 10 til 64 veker.

I dag kan du til samanlikning risikere å måtte vente opp mot 122 veker ved Tromsø Universitetssjukehus for å behandle same sjukdom.

Det viser ventelistene som helseføretaka kontinuerleg rapporterer.

Best ut kjem Haugesund Sjukehus. Der kan ventetida bli ned mot 10 veker.

Bilete av Astrid Gytri etter ein augelegekonsultasjon, 19.10.21

OPERERT FOR GRÅ STÆR: – Livet blir på ein måte sett på vent heilt fram til du får hjelp, seier Astrid Gytri (60).

Foto: Erlend Skorpetveit Aga / NRK

Fleire eldre, fleire konsultasjonar

– Behovet for konsultasjonar hos augelegar aukar i takt med talet på eldre.

Det seier Kristen Realfsen, som er leiar i Norsk augelegeforeining (Norsk Oftalmologisk foreining).

Foreininga har tidlegare lagt fram ein rapport («Konusrapporten») som seier at behovet for konsultasjonar vil auke med 76 prosent fram mot 2030.

Bakteppet er ein stadig aldrande befolkning.

Distrikts-Noreg risikerer å bli «ein gamleheim i naturskjønne omgivnader», sa Victor Norman, då han la fram ein rapport om demografiutviklinga til Kommunal – og moderniseringsdepartementet i fjor.

Dei mest framståande sjukdomane er grå stær, grøn stær (glaukom) og AMD.

Øyeoperasjon

UTANFRÅ: Mellom 2013 og 2019 kom ein tredjedel av nye augelegar i Noreg frå andre EØS-land.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

– EØS-legar kamuflerer problemet

Mellom 2013 og 2019 kom ein tredjedel av nye augelegar i Noreg frå andre EØS-land.

Augelege Alexander Skau har tidlegare uttala at dette har bidratt til å kamuflere at utdanningskapasiteten har vore for låg i fleire år.

Utdanningskapasiteten er berre ein av fleire «flaskehalsar» som blir identifisert i Konusrapporten.

– Eldrebølga vil få store konsekvensar. Derfor må vi tilpasse tenestene og utdanne fleire augelegar, seier Martin Malkenes, som er dagleg leiar i Noregs Blindeforbund i Sogn og Fjordane.

Helsepolitisk talsmann for Høgre, Sveinung Stensland, har tidlegare foreslått at optikarar kan overta ein del av arbeidsoppgåvene som i dag fell på augelegane.

Dette har møtt protestar frå mellom anna Norsk augelegeforeining. Dei meiner at optikarane «ikkje har nok fagleg kompetanse» til å fylle gapet etter augelegane.

Sykepleier Katharina Otterstad Garnes åpner øyet til Bjørn Mobeck for å klargjøre til operasjon

FLEIRE ELDRE: Konusrapporten seier at eldrebølga vil føre til 76 prosent fleire augelegekonsultasjonar i forbindelse med til dømes glaukom i 2030 (265.000 konsultasjonar).

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

– Vil tvinge fram endringar

– Framtida er fleire eldre, og fleire med behov for avanserte augehelsetenester. Difor vil det tvinge seg fram endringar, seier Hans Torvald Haugo til NRK.

Han er generalsekretær og fagsjef i Noregs Optikerforbund. Saman med Norsk Glaukomforening har dei tatt til orde for ein eigen augehelseplan.

Karin Straume er fagdirektør i Helsedirektoratet. Ho seier til NRK at dei ikkje har oppdaterte tal på underskotet av augelegar, men erkjenner problemet.

– Det er relativt få nyutdanna legar som vel å spesialisere seg til augelege, så vi må ha merksemd på rekrutteringa til faget i åra som kjem.

LÆRAR OPP SJUKEPLEIARAR: Grunna ressursmangel, har sjukepleiarar ved St. Olav hospital i Trondheim fått opplæring i å utføre ulike behandlingar som vanlegvis blir utført av legar.