Det vedtok styret då dei
på dagens styremøte på Sunnfjord hotell.LES OGSÅ:
- Eg tykkjer det var eit svært fornuftig vedtak. At dei vil sjå meir på tilbodet, seier Gerd Dvergsdal, ordførar i Jølster og styremedlem i Helse Vest.
HØYR:
For tungt å svelgje
Både tilsette og lokalpolitikarar har rasa mot framlegga om å kutte i ambulansetenesta. Sterke reaksjonar vart det også i
. Fleire meinte administrasjonen i helseføretaket gjekk for fort fram og ville sette liv og helse på spel om kutta vart vedtekne. Styreleiar Clara Øberg sa tidlegare i dag at dette har gjort inntrykk.- Difor tok eg kontakt med Helse Vest og sa at denne er så tung å svelgje, at eg ikkje kan vere med på. Det fekk eg medhald i hjå Helse Vest, seier ho og meiner det hadde vore ynskjeleg med betre tid på prosessane.
Øberg seier at eit ambulansekutt ville vore
.Spypose i ei veke
Øberg viser likevel til at administrasjonen berre har hatt ein månad på seg frå førre styremøte til å komme med kuttframlegget. Også tillitsvald i styret, Randi Fagereng, har hatt dårleg magekjensle for framlegget.
- Eg har nesten gått rundt med spypose i ei veke iallefall. Eg kjenner meg uvel når eg les i papira og er redd for at vi øydelegg veldig mange gode tilbod, sa ho under møtet.
- Uroa for direktørane
Fagereng uttrykte også uro for dei tilsette i Helse Førde som opplever kvardagen som vanskeleg med stadig tale om økonomi og nedskjeringar. Uroa gjekk også på administrasjonen.
- Eg har sagt det før, eg er uroa for direktørane i dette føretaket, at vi blir første føretaket som tek livet av direktørane. Det er eg byrja å bli overbevist om, seier ho.
- Grunnlag for fornuftig vedtak
Ordførar i Hyllestad, Tore Bråstad (Sp), er glad for at helseføretaket no kan gjennomføre ei grundigare analyse av ambulansetenesta.
- Sjølvsagt i dialog med kommunane. Då får vi ein prosess som eg trur kan gje eit grunnlag til å fatte eit fornuftig vedtak seinare, seier han.
- Positiv vilje
Dvergsdal, ordføraren i Jølster, deler dette synet.
- Eg ser at Helse Førde ser ein positiv vilje til å gå noko djupare inn i denne saka. Det må vi ute i kommunane som er røyvde av desse ambulansekutta, sjå på som svært positivt. Det å greie å få fram noko meir faktainformasjon vil tene saka, seier ho, men likevel vedgår at administrasjonen i Helse Førde står føre store oppgåver for å få i hamn budsjettet sitt.
HØYR:
HØYR:
HØYR: