Hopp til innhold

Utsette ambulansekutta

Ambulansekutta vart for smertefulle for styreleiar Clara Øberg.

Arkivfoto

- Ambulansekutta var smertefulle for administrasjonen å legge fram og smertefull styret og svelge. For ikkje å snakke om kommunane som vart råka. Det har vore ein tett dialog med styreleiar i Helse Vest som delar vår oppfatning når det gjeld ambulansekutta.

Deler risikoen med Helse Vest

Les og: Røska ut ledningane

Dermed la Øberg fram følgjande forslag for Helse Førde-styret: Behandlinga av forslaget til omlegging av ambulansetensta med innsparing i ambulansetenesta på 3,8 milllionar vert utsett til styremøte 19.06.09. Den skal sjåast i samanheng med rapport om fellesprosjekt mellom Helse Vest og Helse Førde.

- Det betyr at vedtaket blir utsett og at Helse Førde og Helse Vest deler den økonomiske risikoen med det, seier Øberg.

Styre vedtok dermed budsjettet, men utsette innsparingane på ambulansetenesta.

Sjå video Styremøte Helse Førde 1. time

Sjå video Styremøte Helse Førde 2. time

Sjå video Styremøte Helse Førde 3. time