Hopp til innhold

– Vi skal opp i same divisjon som Fjordkraft

Eit nytt kraftkonsern på Nord-Vestlandet får med seg over 100.000 straumkundar og skal konkurrere med dei største i bransjen.

Kraftmaster

STOR KONKURRENT: Det nye selskapet samlar store konsern i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Foto: Roald Marker / NRK

Kraftkonserna Tafjord, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Tussa får med seg Sognekraft i det nye fusjonerte selskapet for kraftomsetnad.

Med over 100 000 straumkundar og ambisjonar om vekst tek dei opp konkurransen med dei store aktørane i marknaden.

– Vi blir kvar for oss for små til å konkurrere nasjonalt. Vi skal opp i same divisjon som Fjordkraft og konkurrere med dei og selskap på den storleiken, seier Tafjord-sjef Erik Espeset til NRK.

Det nye selskapet får ein desentralisert struktur med kontoradresser og arbeidsplassar på Sandane (SFE), i Ålesund (Tafjord), Ørsta (Tussa) og Vik (Sognekraft).

– Vi endrar strategien vår frå å stå åleine om straumsal til å gå inn i eit større fellesskap til det beste for kundane våre, fordi vi såleis vil styrka konkurransekrafta vår, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Han legg til at felles verdigrunnlag og felles semje om desentralisert struktur har vore heilt avgjerande for at Sognekraft vart med i fusjonen.

Tafjord, SFE og Tussa har utvikla planane om eit felles straumselskap over lang tid, medan Sognekraft vart invitert med i fjor haust.

– Dette blir eit knallsterkt lag. Samstundes vil dette samarbeidet gje oss auka kraft til å utvikle Sognekraft vidare, og såleis sikre eksisterande arbeidsplassar og vonleg skape nye, seier Terje Bakke Nævdal.

Erik Espeset utfor kanten

NYE HØGDER: Erik Espeset er toppsjef i Tafjord.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK