Hopp til innhold

No må du betale fire gongar meir for straumen – sprengkulde sender prisane til himmels

Etter eit vått 2020 har januar starta med minusgrader og tørt vêr. No er straumprisane firedobla samanlikna med fjoråret, og held fram med å auke.

Vintervêr, lite nedbør og kuldegrader gjer at du no må førebu deg på høge straumrekningar, i alle fall samanlikna med i fjor. Då var straumen nemleg rekordlåg.

– Vi har hatt eit år med ekstremt låge straumprisar, men no er ting normalisert, seier Erik Spildo som er divisjonsleiar i BKK.

Erik Spildo, BKK

LÅGT: Erik Spildo er divisjonsleiar i BKK, og seier straumprisane i 2020 var ekstremt låge.

Foto: Privat

I dag ligg prisen rett over 40 øre per kilowattime. Det er fire gongar meir enn snittprisen for 2020.

– I fjor kosta straumen rett over 10 øre i gjennomsnittleg pris, og det er ekstremt lågt. Vi har ikkje sett så låge prisar på veldig lenge, seier han.

Nytt hopp i morgon

Stina Johansen er kommunikasjonsdirektør i Nord Pool, kraftbørsen som time for time reknar ut straumprisen basert på tilbod og etterspurnad.

– Det var rekordlåge straumprisar i fjor, mykje på grunn av den varme vinteren, den etterfølgjande varme hausten og mykje nedbør gjennom året, seier Johansen.

Stina Johansen i Nord Pool

PRIS: Stina Johansen er kommunikasjonsdirektør i Nord Pool, kraftbørsen som reknar ut straumprisen fortløpande.

Foto: Nord Pool

Ho fortel at prisane no er på veg oppover over heile landet.

– Dei siste dagane har prisen vore rundt 40 øre per kilowattime, medan den i morgon vil auke til 70 øre.

Låge temperaturar har gjort at forbruket har gått opp, og auka etterspurnad må dekkast av kraftverka sine vassmagasin. Men det er berre ein av grunnane til at prisen går opp.

– Når det er kaldt er det gjerne også mindre vind, som fører til lite vindkraftproduksjon både i Noreg og Europa. I Europa er også prisane på utsleppskvotar på sitt høgaste, og det pressar straumprisane her heime opp, forklarar Johansen.

Laster Twitter-innhold

Spår lågare snittpris

Bengt Haugnes er handelssjef i SFE produksjon, og trøystar forbrukarane med at prisen truleg vil bli mildare for lommeboka om berre nokre veker.

– Vassmagasina er relativt fulle, så prisen vil ikkje bli ekstrem høg så lenge vi får ein normal vinter med påfyll av snø. Faren for langvarige høge prisar er ikkje veldig stor, seier han.

Johansen i Nord Pool stadfestar at magasina har godt med vatn. No er fyllingsgrada i magasina på heile 82 prosent. Normalen på denne tida av året er 68 prosent.

Brulandsfossen kraftverk

FYLT OPP: Brulandsfossen kraftverk i Sunnfjord kommune.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Haugnes spår defor at det er realistisk å håpe på lågare prisar.

– Får vi ein våt vinter kan prisen falle litt. Slik marknaden er no ventar vi ein årspris i 2021 på i underkant av 30 øre, kanskje også ned mot 25 øre, seier han.

Trass i eit høgt prishopp meiner både Haugnes og Spildo at dette er innanfor normalen.

– Prisen er ikkje spesielt høg, dette er normal vinterpris. Det spesielle er at den har vore ekstrem låg gjennom 2020, fordi det var eit veldig vått år, seier Spildo.