Hopp til innhold

Stoltenberg lova vekst i vest

Framfor 40 personar på Kystmuseet i Florø, fortalde statsminister Jens Stoltenberg at fylket skal få sin del av veksten på Vestlandet.

Jens Stoltenberg på Kystmuseet i Florø

PÅ KYSTMUSEET: Jens Stoltenberg fortalde tilhøyrarane om planane til Arbeidarpartiet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Statsministeren, næringsminister Trond Giske og Arbeidarpartiet sine fylkesordførarkandidatane på Vestlandet la i dag fram eit næringsprogram for Vestlandet.

Åshild Kjelsnes og Jens Stoltenberg

HAR TRU På FRAMTIDA: Fylkesordførarkandidat for Ap i fylket, Åshild Kjelsnes, og statsminister Jens Stoltenberg seier det vil komme vekst også her.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei fire fylkesordførarane har sidan april arbeidd med programmet for dei fire Vestlandsfylka.

Dei har hatt ein hektisk dag, med besøk i alle fire fylka for å presenterer dette arbeidet. Dei starta i Ålesund i føremiddag, reiste vidare til Stavanger og Bergen og no i kveld var dei i Florø.

– Det er eit pionerarbeid

Det næringspolitiske programmet har 12 punkt som Ap meiner må til for å få eit næringsløft på Vestlandet. Målet er 40 000 nye arbeidsplassar i løpet av dei neste fire åra.

Næringsminister Trond Giske seier dei fire fylkesordførarkandidatane har utført eit pionerarbeid og at det ikkje er laga tilsvarande av Ap andre stader i landet.

Trur det let seg realisere

Han vedgår at det er ei stor kravliste, men har tru på at ting let seg realisere. Giske kalla Sogn og Fjordane for Vestlandet i miniatyr.

– Her er det alt, som kunnskap, høgskulemiljø, oljebase, kraft og reiseliv, seier han.

Stoltenberg seier til NRK.no at sjølv om Sogn og Fjordane har kome dårleg ut på statistikkar når det gjeld nye og innovative arbeidsplassar, så meiner han at alt ligg til rette for at fylket skal få sin del av veksten på Vestlandet.

Han la også vekt på at E39 skal bli ferjefri, men seier at bilistane må rekne med å betale bompengar.

– Det er også eit sterkt ønskje å få Kystvegen på plass, seier han.