Hopp til innhold

Steven fann familien i Haiti

Steven Orestil frykta lenge at familien hans i Haiti hadde omkome i jordskjelvet. Men dei overlevde, og no samlar han inn pengar til jordskjelvoffera.

Video nsps_upload_2010_1_25_19_2_31_367.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det har vore vanskeleg for Steven Orestil å følgje med på tv-bilete frå Haiti. Han har vore uroleg for familien, og fekk lenge ikkje kontakt med dei. Men etter å ha høyrt mora si stemme, slappa han litt meir av. I helga samla han inn pengar til jordskjelvoffera i heimlandet.

- Vi vil at dei som bur i Haiti skal få eit betre liv, seier han.

Frykta det verste

Han frykta lenge det verste. Då tv-bileta av ruinane etter jordskjelvet byrja rulle over skjermen, fekk han ikkje kontakt med familien. Men etter mykje om og men fekk Steven Orestil i Gulen kontakt med mora etter at det katastrofale jordskjelvet råka Haiti.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_1_14_17_12_5_748.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Steven Orestil frykta lenge det verste då han ikkje fekk kontakt med familien sin i jordskjelvråka Haiti.

- Det var veldig gledelig å høyre stemma hennar. Og det er spennande å høyre ho fortelje, seier han.

Mista søskenbarnet

Også systra og begge brørne er i live, men eit syskenbarn ligg begravd i ruinane.

- Eg prøver mitt beste å finne ut korleis eg kan hjelpe.

Orestil flytta til Noreg frå Haiti for seks år sidan, og bur no i Gulen med kone og to små born. Men å sitje i Norge utan å kunne gjere noko var ikkje godt nok.

Samla inn mest mogleg

Difor samla han inn pengar for hjelpe folket i heimlandet.

- Vi tenkjer på å byggje skule og sjukehus, men det kan vi ikkje gjere aleine.

Laurdag var han på plass i Førde med bøssa si.Nokre gjev kontantar, andre brukar giro for å bidra. Men for Orrestil er det ikkje så viktig. Han er mest oppteken av kor mykje han klarar å samle inn til Haiti.

For farleg å reise tilbake

Han meiner det er for farleg å reise tilbake til heimlandet for å hjelpe - difor gjer han sitt frå andre enden av kloden. Og håpar fleire vil vere med han å tenke framover.

- Dei som bur i Haiti må få eit betre liv.