Hopp til innhold

Får ikkje kontakt med familien

Steven Orestil fryktar det verste: Han har ikkje høyrt noko frå familien på Haiti etter det katastrofale jordskjelvet.

Får ikkje kontakt med familien

TØFFE DAGAR: Steven Orestil og den vesle familien i Gulen lever i uvisse om korleis det har gått med resten av familien etter jordskjelvkatastrofen på Haiti.

Foto: Vegar Erstad

Steven Orestil i Gulen får ikkje kontakt med verken bror eller syster etter det katastrofale jordskjelvet på Haiti.

Klarer korkje å spise eller sove

Orestil er frå Haiti, men flytta til Norge for seks år sidan. No bur han i Gulen i Sogn og Fjordane med kone og to små born.

No fryktar dei det verste for resten av familien i det jordskjelvråka landet.

- Det er veldig tøft for meg å høyre om katastrofen. Eg klarer korkje å spise eller å sove, seier Steven Orestil.

Tenkjer heile tida på familien

Steven Orestil er ein av kring 20 personar her i landet med bakgrunn frå Haiti, og han har mor, to brør, ei søster og anna nær familie i det jordskjelvråka landet.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Steven Orestil

FÅR IKKJE KONTAKT: Steven Orestil har ringt mange gonger, men får ikkje svar frå korkje broren eller systera på Haiti.

Foto: Vegar Erstad

Han har hatt kontakt med eine broren som er på sjukehus, men han veit lite om resten av familien, og det er umogeleg å få kontakt.

Situasjonen pregar heile den vesle familien i Gulen.

- Eg går og tenkjer på det heile tida. Vi veit ikkje korleis det har gått med familien. Vi veit eigentleg veldig lite, seier kona Ragnhild.

Vurderer å reise og hjelpe

Tysdag vart Haiti råka av eit jordskjelv like før klokka 17 lokal tid. Det målte 7,3 på Richters skala, og gjorde enorm skade i det fattige landet.

Statsminister Jean-Max Bellerive fryktar talet på omkomne i landet er sekssifra.

- Det er veldig trist å tenkje på. For meg er det vanskeleg å lese nyhende eller å sjå på TV. Det kjennest ikkje bra, seier Orestil.

Han har fleire gonger prøvd å ringe familien i heimlandet - utan å få svar.

No vurderer Orestil om han skal reise til Haiti for å sjå om han kan vere til hjelp. Frå før har han sendt litt pengar til familien.