Hopp til innhold

Auksjon gav 16 500 til Haiti

Sambuarpar frå Sandane ynskjer å hjelpe folket på Haiti. Dei var sjølve på den karibiske øya kort tid før katastrofen. Du møtte dei i føremiddagsendinga fredag.

Bilete av Oddvar Torsheim

Dette biletet av Oddvar Torsheim kan bli ditt. Bli med å by under sendinga fredag.

Foto: NRK

Høyr opptak av føremiddagssendinga

Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad

Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad vil hjelpe dei som er råka av jordskjelvet.

Foto: Inger H. Aske Lothe, Firda Tidend.

For fredag føremiddag sende vi direkte frå Sandane. Både programleiar Birger Meland og initiativtakarane håpa på godt engasjement. Men begge fekk hakeslepp over det dei opplevde. Auksjonen gav 16 500 kroner til dei jordskjelvråka i Haiti.

- Vi er strålande nøgde. Vi vona at folk skulle engasjere seg, men dette var berre heilt enormt, jublar Børre Tystad.

Lynauksjon på direkten

Under direktesendinga frå Bakaren var det mogeleg å by på ein kopi av eit bilete av kunstnaren Oddvar Torsheim laga i 1967. Høgste bod kom frå Vesla Kalhovd som bydde 11 500 kroner.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Traudalen i Gloppen kommune.

Ronny Solheim har gjeve vekk ein innråma versjon av dette fotografiet til inntekt for dei jordskjelvråka i Haiti.

Foto: Ronny Solheim

Med eit bod på 2 000 kroner, sikra Gloppen Eigedom ved Per Inge Hole seg eit reveskinn. Undervegs i sendinga donerte Ronny Solheim eit svart-kvitt vinterbilete frå Traudalen i Gloppen. Nordfjord Folkehøgskule fekk tilslaget med eit bod på 3 000 kroner.

- No går pengane inn på Haiti-aksjonen Sogn og Fjordane sin konto. Derifrå blir dei dagleg overført til prosjekt-Haiti, seier ein strålande nøgd Tystad.

Usikker på kva som har skjedd med vener

Sandane ungdomskule har engasjert seg sterkt i å hjelpe elevar ved ein vennskaps-skule på Haiti. Kommunikasjon er nesten ikkje mulig, men etter det dei har fått vite så er rektor ved skulen i live. Kva som har skjedd med elevane veit dei ikkje.

I sendinga vart det også rapport frå Haiti og Røde Kors på Sandane vil vere tilstades.