Sterkt kritiske til brannvesenet

Statens havarikommisjon kritiserer Aurland brannvern for å ikkje ha snudd røyken i Gudvangatunnelen, og for manglande øvingar, planar og tilsyn.

Gudvangatunnelen montasje

AUDMJUKE: Vi må vere audmjuke, seier ordførar Noralv Distad (H), om kritikken etter den dramatiske brannen der 28 personar fekk alvorlege røykskadar.

Foto: Veum, Arne / Montasje: NRK / NTB scanpix

– Vi skal vere audmjuke for den kritikken som blir reist, og lære av det og rette feila, seier Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

5. august 2013 byrja eit vogntog å brenne om lag halvvegs inne i den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen. 67 personar vart fanga i røyken, og 28 personar fekk alvorlege røykskadar, fem av dei kritiske.

I dag kom rapporten frå havarikommisjonen, og den rettar kraftig kritikk både mot Statens vegvesen region vest og brannvesenet i Aurland.

Burde snudd røyken

Under brannen gjekk røyken først mot Flåm, men vart automatisk snudd og ventilert 8,5 kilometer frå brannstaden i retning Voss og tunnelopninga i Gudvangen. Rolf Mellum, avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon er kritisk til at røyken ikkje vart snudd tilbake mot Flåm.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

ROLF MELLUM: Avd.dir i havarikommisjonen.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

– Røyken vart snudd utan at dei hadde noko bilete av forholda og talet på køyretøy og trafikantar i tunnelen. Den naturlege røyktrekken var oppover mot Aurland og når røyken vart snudd, vart situasjonen dramatisk endra for trafikantane, seier Mellum.

I rapporten skriv havarikommisjonen at dette skjedde før trafikantane fekk informasjon om å evakuere tunnelen, og resulterte i at 67 personar vart fanga i tunnelen.

– Avgjerda vart teken av dei som skulle sløkke brannen og sørge for evakuering. Ansvaret er delt mellom brannvesenet og Statens vegvesen, seier Mellum.

Arvid Gilje

TIDLEGARE BRANNSJEF: Arvid Gilje.

Foto: Arne Stubhaug

– Vi var ikkje klar over at røyken var snudd når vi rykte ut. Hadde vi visst det hadde vi endra retninga. Det hadde ikkje vore eit problem om vi hadde hatt same system som i Lærdalstunnelen, seier tidlegare brannsjef i Aurland, Arvid Gilje.

Manglande øvingar og tilsyn

Havarikommisjonen er kritiske til at Aurland brannvesen ikkje hadde utarbeida ein spesiell innsatsplan for Gudvangatunnelen, og manglande øvingar og tilsyn med tunnelen som særskild brannobjekt.

Kommisjonen gir brannvesenet honnør for ein svært god innsats for å redde ut folk når dei først hadde registrert at brannen var sløkt, men er kritisk til arbeidet før og i startfasen av brannen.

– På grunn av brot i samband og kommunikasjon, og ikkje minst eit svakt beredskaps- og innsatsplanverk, er det forbetringspotensial. Den strategiske leiinga kunne vore betre, og øvingar, tilsyn, samhandling og planverket bør bli betre, seier Mellum.

Viktig å følgje råda

Både ordføraren og den tidlegare brannsjefen seier rapporten gir mykje skryt til brannvesenet for innsatsen i redningsarbeidet.

– Dei skryt veldig mykje av brannvesenet. Dei rosar oss for innsatsen med å redde ut folk. Havarikommisjonen kjem med fleire tryggleiksråd som er viktige for å gjere det betre i framtida. Det viktigaste er at vi følgjer dei råda, seier Gilje.