Like før klokka 15 gjekk eit 50 meter breitt ras ved Torheimsvegen i Stad i Vestland.
Ein god del jord og vatn gjekk over vegen og trefte mellom anna eit hus.
Helge Taklo (70) og kona var inne i huset då raset gjekk.
– Vi opplevd det veldig traumatisk, seier Taklo til NRK.
Ekteparet var på kjøkkenet då dei høyrde lydar frå fjellsida og såg raset kom.
– Vi tenkte på kor det var tryggast å vere. Vi kunne ikkje gå ut, seier Taklo.
Han fortel at elva gjekk på begge sider av huset og mot garasjen. Det var ikkje kome vatn i kjellar og hovudetasjen då ekteparet måtte evakuere.
– Men eg fryktar store skadar, seier Taklo.
Eit hus ved Taklo i Stad blei treft av raset.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKTonje Camilla Sjaastad seier til NRK at dei fekk ein telefon og blei oppfordra til å evakuere. No er dei på veg til eit hotell.
– Vi har tatt med skulesekkane til barna og har tenkt å gjere alt så vanleg som mogleg, seier ho.
Tonje Camilla Sjaastad og familien blei evakuerte.
Ingen skadde – 40 evakuerte
Brannvesen og politi kom til staden, og geolog og kommunale ressursar er varsla.
Kort tid etter gjekk det eit nytt jordras over vegen litt lenger vest, ved Slåtteneset. Dette var 10–12 meter breitt, ifølgje politiet.
Vest politidistrikt skriv på Twitter at verken personar, dyr eller køyretøy er sakna, skada eller treft av rasa.
40 personar og 5 hundar er evakuerte frå i alt 15 bustadar. Politiet har evakuert i fleire omgangar, av frykt for nye ras.
– Det er fleire som har spurt om å bli evakuert i løpet av kvelden. Dei blir hjelpt ut av området. Dette er folk som bur mellom rasa, og som kjenner seg utrygge, seier innsatsleiar Morten Hagen i politiet.
Nokon av dei evakuerte er folk som ikkje har komme seg heim etter at vegen vart stengt. Andre har også teke seg fram til fots for å kome seg vekk frå området.
Dei evakuerte er tekne med til Stad rådhus på Nordfjordeid.
Begge stadar er vegen stengt, og politiet ber folk og køyretøy halde seg borte frå området. Fleire i bygdene vest for rasstaden er isolerte.
Geolog vil først komme fram i dagslys måndag i 10-tida. Vegen blir stengt fram til ei vurdering blir gjort då, skriv politiet.
Det største skredet gjekk ved Taklo i Stad.
Litt tidlegare gjekk det eit anna jordras over E39/RV 15 Skrede ved Hornindalsvatnet, også det i Stad kommune. Vegen er stengt til klokka 10 i morgon.
– Raset er fire meter breitt. Mannskap er på veg for å sjå på raset og dirigere trafikken, seier trafikkoperatør Andreas Egenæs Herland i Vegtrafikksentralen.
NVE hadde på førehand sendt ut gult varsel om jord-, sørpe- og flaumskred for Vestlandet og delar av Trøndelag.
På Sunnmøre blir fv. 655 Norangsdalen stengt kl. 16 søndag grunna rasfare.
Fv. 5720 Hjelle/Erdal i Stryn er stengt, grunna rasfare. Ny vurdering måndag.
Evakuert etter ras i Stranda i Møre og Romsdal
Også i Stranda kommune i Møre og Romsdal har det vore eit lite skred.
To bustader har vorte evakuerte etter at 30 kubikk med jordmassar rasa ned mot eit hus Stranda sentrum.
– Ingen menneske eller dyr har komme til skade, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter.
Brannvesenet har vore ute med geolog for å undersøkja området. Ei ny vurdering av staden vil bli gjort måndag morgon.
Dei som bur i huset ventar på å få vite om dei må evakuere.
Foto: Rita Løseth / NyssStore mengder regn i Bergen
I tillegg har det vore andre farevarsel på rekke og rad om regn og snøskred landet rundt.
– Det er gult farevarsel for nedbør i Vestland fylke. Det blir sikkert overvatn på vegar og litt problematikk med mykje vatn, sa vakthavande meteorolog Terje Alsvik Walløe laurdag kveld.
Søndagen starta travel for brannvesenet i Bergen, som rykka ut til ei rekke bustadar for å hjelpe med overvatn og flaum.
– Regnet har begynt å renne inn i ein god del bustadar. Vi prøver å stoppa vatnet og få ut det som er komme inn, sa vaktleiar Jostein Steinsland Hauge i 110-sentralen Vest på føremiddagen.
Særleg i fjellsida ved Fløien var det fleire oppdrag.
VÅTT: Det var mykje nedbør i bergensgatene søndag.
Trua hus og kjellarar
I Kjøkkelvikveien vest i Bergen rann det store vassmengder i vegen og trua hus og kjellarar. På morgonen rann det inn vatn i ein kjellar på Osterøy.
Hauge ber folk sørge for at slukar og kummar utandørs ikkje er tette.
– Kvar og ein bør vurdere om det er noko som truar busetnad, seier han.
VÅTT: Regnet trua hus og kjellarar i Bergen. Her på Skansen i sentrum.
Foto: Stian Sørum Røkenes / NRKPå ettermiddagen kom vatnet inn gjennom ein sluk i eit hus i Kyrkjebakken i Sogndal.
Vatnet kom inn i gangen, kjøkenet og badet og stod 4 centimeter opp på golvet, opplyser 110-sentralen til NRK.
Vegtrafikksentralen vest åtvarar om at det er mykje vatn på vegane i vest, og ber bilistar vere obs på faren for vassplaning.
– Køyr forsiktig og etter forholda. Nedbøren skal vare til i kveld så det vil ikkje bli betre med det første, skriv VTS på Twitter.
Store vassmengder på Fjøsangervegen i Bergen.
Foto: Stian Sørum Røkenes / NRKLeier vekk vatn
For delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det oppgradert til oransje farevarsel om svært mykje regn søndag.
I relativt nye Nogvafjordtunnelen og Fjørtofttunnelen langs Nordøyvegen, sig det inn store mengder vatn, melder Sunnmøreposten.
– Det fører til at det er store vassbasseng i botn, og i dei bassenga stig vatnet, opplyser fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen til avisa.
Vatnet har enno ikkje nådd vegbana, men dei følgjer nøye med på utviklinga. Fylkeskommunen ha rekvirert fem pumpebilar og to traktorar for å få kontroll på situasjonen.
I Hareid kommune har dei grave av vegen for å leie vekk vatnet.
– Dei er også i gong med å opne opp avløp og kummar som er tette av massar frå vatnet, og brannvesenet er i gang med å pumpe bustadar, seier ordførar Bernt Brandal.
Det gjeld minst fem bustadar, seier han.
Oversumt elv på Brandal i Hareid i Møre og Romsdal.
Foto: Bernt BrandalDet er også sendt ut gult farevarsel om flaumfare for delar av Vestland og Møre og Romsdal.
Det er eit lågtrykk i Norskehavet som gjer at det no er mykje vêr.
Det gir sterk kuling langs kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag, og kuling også lenger sør og på fjellovergangane.
– Det blir ruskete vêr, med action med vind og nedbør, seier meteorolog Walløe.
Meteorologen seier det er nettopp på vestsida av fjellet at uvêret vil herje. I tillegg er det betydeleg fare for snøskred landet rundt.
Meteorologisk institutt har ute farevarsel om snøfokk i fjellet i Sør-Noreg. Varselet er forlenga til å gjelde ut måndag.
Foto: Meteorologisk instituttFarevarsel tett som hagl i både nord og sør
Meteorologisk institutt har sendt ut fleire varsel om mykje vind og snøfokk.
- Det blir kraftig snøfokk i fjella i Sør-Noreg og i deler av Nordland og Troms. I nord er faren venta å minke natt til sundag. Men i sør er varselet forlenga til å gjelda ut måndag.
- Måndag er det også sendt ut varsel om kraftige vindkast for vestlege og nordlege strøk Østafjells.
- For store deler av Vestlandet er det sendt ut moderat farevarsel for mykje regn frå sundag morgon til tidleg kveld. Det er venta opp mot 80 mm regn over ein 12 timars periode.
- For delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det oransje farevarsel om lokalt svært mykje regn søndag. Det kan bli mellom 70–90 mm nedbør på 12 timar.
- For delar av Vestland og Møre og Romsdal er det gult farevarsel om flaumfare frå søndag ettermiddag til søndag kveld.
- Det er samstundes sendt ut varsel for jord-, sørpe- og flaumskredfare for Vestlandet og deler av Trøndelag. Bakgrunnen er dei store nedbørsmengdene som er venta, som i kombinasjon med mildvêr og mykje vind kan føra til snøsmelting i tillegg.
- Det er også varsel om betydeleg snøskredfare over store deler av Nord-Noreg og Vestlandet.
Måndag kjem det kald luft innover Sør-Noreg og fører til ruskevêr og snøbyer, særleg i Midt-Noreg. Då blir det også meir vind austafjells.
– Det er framleis lågtrykka som har styringa også i neste veke, seier Walløe.
Vegtrafikksentralen Vest melder om svært glatt veg og utfordrenden køyreforhold på E134, mellom Håra og Jøsendal, natt til måndag.
Farevarsel for vind måndag.
Foto: Yr.noStengde fjellovergangar
Alt uvêret kan også skape ein del problem på fjellovergangane.
Statens vegvesen rår folk til å sjekke vêr- og føremeldingar.
– I fjellet endrar ting seg fort. Der det er kolonne no, kan det bli heilt stengt. Det kan vere lurt å planlegge litt med tanke på kva fjellovergangar ein skal satse på, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen Vest.
Allereie laurdag morgon var det kolonnekøyring på fleire fjellovergangar mellom aust og vest.
Verst er det på Hardangervidda. Vegtrafikksentralen har stengt den populære fjellovergangen ut heile helga. Først måndag rundt klokka 12 blir det tatt ei ny vurdering.
FORBLÅST: Rv. 7 Hardangervidda held stengt til måndag.
Foto: Statens vegvesen / webkameraSlik er situasjonen på fjellet
Dette er status på fjellet i Sør-Noreg natt til måndag
- Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengt. Ny vurdering måndag kl. 12.
- Rv. 9 Hovden - Hemsedal: Kolonnekøyring
- E16 Filefjell: Fare for kolonne
- Rv. 52 Hemsedal: stengt
- Fv. 50 Aurland-Hol: Stengt. Ny vurdering måndag kl. 12
- Rv. 7 Hardangervidda: Stengt. Ny vurdering måndag kl. 12
- E134 Haukeli: stengt.
- Rv. 13 Vikafjellet: Stengt. Ny vurdering måndag kl. 08
- Rv. 15 Strynefjellet: Ope. Fare for kolonne
Dette er status på fjellet i Nord-Noreg:
- E69 Skarsvåg-Nordkapp: Stengt for alle køyretøy. Ny vurdering måndag.
Status for fjellovergangane kan ein følge her.