Hopp til innhold

Steinras stenger veg ved Åkra

Oppsummert

Eit steinras stenger fylkesveg 40 ved Åkra i Kvinnherad kommune. Fleire store steinar i fjellsida ovanfor vegen gjer at fjellsida må reinskast før vegen kan opnast.

  • Vegen i Åkra opnar klokka 18.00

    Fylkesveg 40 i Åkra i Kvinnherad opnar klokka 18.00, det stadfestar byggjeleiar Åsmund A. Sekse i Statens vegvesen. Dei store steinane som låg i vegbana er sprengde og massane blir no frakta vekk.

    Opprydding Åkra
    Foto: Lars Emil Berge
  • Venta opning klokka 18.00

    Arbeidet med å sikra fjellsida ved Åkra i Kvinnherad er ferdig. No arbeider vegvesenet med å sprengja dei store steinane som ligg i vegbana, før dei skal frakta massane vekk. Byggjeleiar Åsmund A. Sekse seier dei reknar med at arbeidet vil vera ferdig klokka 18.00, og dei då kan opna fylkesveg 40.

    Ras Åkra
    Foto: Tale Hauso / NRK
  • Arbeider med sikringsnettet

    Boltinga er ferdig og mannskap har starta arbeidet med å få på plass sikringsnettet i fjellsida ved Åkra i Kvinnherad. For ei veke sidan gjekk eit stort steinras som isolerte bygda. Sikringsnettet skal etter planen vere på plass om nokre timar. Deretter må steinane i vegbanen bli sprengt vekk, før ryddearbeidet kan starta, fortel byggjeleiar Åsmund A. Sekse i Statens vegvesen.

    Sikringsarbeid i Åkra, Kvinnherad
    Foto: Tale Hauso / NRK
  • Fv. 40 opnar truleg ikkje i dag

    Byggjeleiar Åsmund A. Sekse i Statens vegvesen seier det er lite truleg at fv. 40 ved Åkra kan opna i dag. Det ligg fleire store steinar i fjellsida ovanfor vegen. – Den eine er like stor som den som har rasa. Me vil halda fram arbeidet gjennom helga.

    Steinras ved Åkra fylkesveg 40
    Foto: Lars Emil Berge