Hopp til innhold

Går gjennom rasfarleg område for å koma seg frå jobb

150 innbyggarar i isolert bygd fortvilar etter å ha blitt isolert etter ras. Vegvesenet reagerer på at folk tek saka i eigne hender.

Steinras isolerer bygda Åkra i Kvinnherad

GÅR FORBI: Innbyggarane i Åkra er nøydde til å ta seg forbi rasstaden til fots etter raset som gjekk torsdag kveld. – Folk må koma seg til og frå jobb og avtalar, seier innbyggjar Lars Emil Berge. Her tek kona Anne-Grethe Berge seg forbi steinane.

Foto: Lars Emil Berge

Torsdag ettermiddag blei bygda Åkra i Kvinnherad kommune isolert etter eit større steinras.

Fredag ettermiddag er det klart at vegen blir stengd heilt til måndag morgon.

– Me får ikkje transportert mat inn, og bøndene får ikkje køyrd mjølka si ut. Her går ras og steinsprang fleire gongar i året, men det blir ikkje gjort noko. Det er fortvilande, seier innbyggar Lars Emil Berge.

Han gjorde som fleire sambygdingar då sonen måtte forbi rasstaden fredag morgon: Han køyrde sonen til raset, der han blei plukka opp av ein bil på andre sida.

– Folk er nøydde å koma seg til og frå jobb og avtalar, seier Berge.

Steinras ved Åkra fylkesveg 40
Foto: Lars Emil Berge

Vegvesenet skeptisk til å gå forbi

Fredag morgon starta eit reinskelag arbeidet med å reinska fjellsida for lausmassar. Fleire store steinar ligg 15–20 meter ovanfor vegen.

– Det ligg fleire steinar som må ned. Den eine er tilsvarande som den som alt har rasa, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Åsmund A. Sekse.

Ras stenger bygd inne

RAS: Det er framleis steinar i vegen, som isolerer 150 innbyggarar.

Foto: Lars Emil Berge

Han likar dårleg at folk tek seg gjennom rasområdet.

– Det er ikkje noko vi vil anbefala i det heile. Det er framleis stor rasfare på staden.

I 15-tida fredag opplyser Sekse til NRK at ein av dei større steinane i fjellsida er komen ned.

Men vegen blir stengd gjennom helga, før ein geolog kan vurdera rasfaren måndag. Vegen blir opna tre timar laurdag, samt ein liten periode måndag morgon.

Bønder i Åkra tømmer melk de ikke får levert pga steinras

KASTAR MJØLK: Mjølkebøndene i Åkra samdrift tømmer ut om lag 2000 liter mjølk dei ikkje får levert.

Foto: Arild Kvame

Tømmer ut 2500 liter mjølk

Det er dårlege nyheiter for mjølkeprodusentane i bygda.

– Då er det berre ein ting å gjera, seier bonde Terje Øverland, som må tømma ut 450 liter mjølk.

Med ein cirkapris på fem kroner literen, er kostnaden til å leva med, meiner han.

– Men det er aldri kjekt å sjå god matproduksjon bli kasta.

Bonde Arild Kvame anslår at han og partnarane i Åkra samdrift tømmer ut 2500 liter mjølk fredag.

– Eg ventar også kraftfôrforsyning i dag. At den ikkje kjem er i grunn meir kritisk. No er det heilt tomt.

Steinras i Åkra

Kommunen i beredskap

Fungerande ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) seier dei ventar på endeleg tilbakemelding frå Vegvesenet før dei gjer noko.

– Me er i beredskapsmodus, og kartlegg no kva me kan og må gjera. Ambulansebåt er stasjonert i nærleiken, og vil nå området innan kort dersom det skulle vera trong for umiddelbar hjelp, seier Myhrvold.

Fredag kveld seier Myrvold at det vil bli båttransport måndag morgon mellom Åkra og Matre ferjekai, for dei som skal på jobb

– Me har i kveld kartlagt behovet for transport i helga og vil vurdera fortløpande om skyss er naudsynt, seier Myrvold.

Ordføraren likar derimot ikkje at folk har teke seg forbi rasstaden.

Steinras ved Åkra fylkesveg 40

MÅ REINSKA: Fredag er entreprenørar på plass for å reinska fjellsida for steinar. Deretter må steinane i vegbana sprengast. Vegen kan bli stengd fleire dagar.

Foto: Lars Emil Berge / NRK

– Steinane i fjellsida ligg nok slik til at dei som passerer ikkje er i umiddelbar fare. Men det medfører likevel ein risiko. Når vegvesenet no skal reinska fjellsida, er det sperra for all ferdsel. No kryssar me berre fingrane for at steinane ikkje øydelegg vegen.