Lange køer i Sandviken
Foto: Sissel Rikheim / NRK

Trafikk og vær i Hordaland

Oppsummert

NRK gir deg de siste meldingene om vær- og trafikksituasjonen i Hordaland. Tips oss med bilder og informasjon på 03030@nrk.no.

  • Manuell dirigering på E39

    På E39 Nordhordalandsvegen er det manuell dirigering etter eit trafikkuhell. Ein bilbergar er på staden, og ein til er på veg. To personar er køyrd til legevakt for undersøkingar. Det er meldt om lange køar.

    Kø, Hordviktunnelen
    Foto: Roy Hilmar Svendsen
  • Trafikkuhell på Nordhordalandsvegen

    På E39 Nordhordalandsvegen eit par hundre meter før Hordviktunnelen på Åsane-sida er tre bilar involvert i eit trafikkuhell. Det er ikkje meldt om personskadar. Naudetatane er på veg. Det er trafikale problem på staden.

  • Trafikkuhell i Etne

    Ved midnatt fekk politiet melding om ein bil som hadde velta på E13 mellom Ølen og Etne. Det var ein person i bilen, som vart sett til av helsepersonell. Vedkommande var bevisst. Skadeomfanget er ukjent. Årsaka til veltet kan vere at bilen køyrde i ein stein. Vegen er open.

Fleire vegar vert stengde på grunn av rasfare