Hopp til innhold

Måtte fjerne over 1000 kubikk med snø før vegen kunne opnast

Store mengder tung snø måtte fjernast før den sterkt trafikkerte E39 forbi Skredestranda i Nordfjord kunne opnast igjen.

Rydding av snøskredet ved Skredestranda.

RYDDA: Snøskredet i Skredestranda blei rydda frå begge sider. No når vegen er opna vil Statens vegvesen redusere fartsgrensa til 50 km/t til nytt autovern er på plass ved rasstaden.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein geolog har i dag vurdert snøskredfaren frå helikopter og arbeidet med å rydde vegen er no ferdig. Vegen er opna på rasstaden. Entreprenøren har rydda vekk over 1000 kubikkmeter med tung snø.

– Vi meiner det er så pass trygt at vi byrjar å rydde snøen klokka 12, sa prosjektleiar Lars Karlsen i Statens vegvesen.

Vegen langs Hornindalsvatnet blei stengd etter at eit kring 50 meter breitt og fem meter høgt snøskred kom ned frå fjellsida søndag morgon. Både E39 og riksveg 15 mellom Eid og Stryn var stengde på grunn av skredet.

Snøskredet i Skredestranda

E39: Til alt hell vart ingen personar tekne av snøskredet i Skredestranda.

Foto: Statens vegvesen

Fleire vegar vart søndag stengde på grunn av snøskred og steinras. I føremiddag opna fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond i Luster.

I den same kommunen er også den kommunale vegen til Vigdalen opna etter steinraset søndag.

Steinblokka som kom ned er på mellom fem og seks tonn. Blokka losna i kring 50 meters høgde.

Fem husstandar med fastbuande og eit stort hytteområde er innesperra som følgje av raset.

Raset gjekk like ved tunnelen i Vigdalen. Kveane opplyser at staden er generelt sett utsett for steinnedfall.

– Det kom ned ei blokk på fem-seks kubikk, og i rasløpet ligg det att nokre mindre blokker som vi håpar å få reinska ned i løpet av kort tid, sa leiar i teknisk drift, Terje Arild Kveane, måndag morgon.