Vidar Lillevik, tidlegare leiar av Stord jeger- og fiskelag, var på jobb ved Stord gymnas. Ved Vikestemmo såg han to gutar i 13-14årsalderen.
- Gutane kom gåande over brua, og byrja å kaste stein. Det er forbaska, nesten skremande. Gutar i den alderen burde vite betre, seier han til Sunnhordland.
Lillevik køyrde etter gutane, men klarte ikkje å få fatt i dei. Han vart etterpå nøydd til avlive anda på grunn av dei store skadane, mellom anna i hovudet.
- Det er nesten bestialsk, seier jegeren. No melder Stord/Fitjar Landbruks- og miljøkontor saken til politiet.