og Jostein Nyfløtt.
Gulen meiner å ha eit betre og billegare alternativ, og nestleiar Hallgeir Langeland i energi- og miljøkomiteen på Stortinget krev at statsråden kommenterer nye opplysingar i saka.
Konfliktfritt
Firmaet Nor Engineering Miljø AS skal etablere eit deponi for lågradioaktivt avfall frå oljeindustrien, og har funne ut at Sokndal i Rogaland er rette staden, trass i sterk lokal motstand. Men Gulen kommune meiner å ha ei betre og billegare løysing i Sløvåg – heilt utan lokale konfliktar.
Hallgeir Langeland krev nytt svar får energiministeren.
OLF støttar Gulen
Like over nyttår fortalte olje- og energiminister Einar Steensnæs Stortinget at Sokndal var billegast, og han meinte å ha støtte frå Oljeindustriens landsforening – OLF. Men pressetalsmann Ola Morten Aanestad i OLF seier at dei tvert imot har funne ut at Gulen-alternativet er rimelegast. – Vår oppfatning er at Sløvågalternativet i Gulen har det rette volumanslaget og dermed kjem billegast ut, seier Aanestad.
Ugler i mosen
Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland frå SV og Rogaland, som òg er nestleiar i energi- og miljøkomiteen, ser altså ugler i mosen i denne saka, og han vil difor at Steensnæs entrar talarstolen på Stortinget for å svare på desse nye opplysingane. – Det er tydeleg at Steensnæs prefererer Sokndal, men han har ikkje gode argument for det, seier Langeland, som varslar nye rundar med statsråden.
Skjulte aktørar
Gulen-ordførar Trude Brosvik, som er partifelle med olje- og energiministeren, meiner kostnaden med eit deponi for lågradioaktivt avfall i hennar kommune er ned mot halvparten av Sokndal-alternativet. Ho meiner byråkratiet i departementet ikkje har handla objektivt i denne saka, og får no støtte frå Langeland. – Det er mitt inntrykk at det er mange som trekkjer i trådane bak gardinene, og i denne tautrekkinga er nokon flinkare enn andre, meiner Langeland.