Statnett får halde fram arbeidet i Myklebustdalen

Statnett får halde fram arbeidet med transformatorstasjonen i Myklebustdalen.

Myklebustdalen

FÅR HALDE FRAM: Statnett får halde fram arbeidet med transformatorstasjonen i Myklebustdalen.

Foto: NRK

Fjordane tingrett bad Namsmannen i Bremanger om å avgjere kor vidt Statnett får halde fram arbeidet i Myklebustdalen i Bremanger.

I dag orienterte lensmann Hans Rune Strandos begge partar om avgjerda si. Avgjerda kan klagast inn til tingretten.

Hans Rune Strandos

AVGJERD: Hans Rune Strandos er både lensmann og Namsmann i Bremanger.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Statnett får rett til det areal som går på arbeidet med transformatorstasjonen, seier han til NRK.

Gjeld ikkje Sørdalen

Arbeidet med den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal har stått stille i Myklebustdalen. Grunneigarane har protestert mot at lina skal gå gjennom naturreservatet, og har stått steilt mot Statnett.

Tilgangen gjeld ikkje Sørdalen naturreservat. Kommunikasjonssjef i Statnett region vest, Martha Hagerup Nilson, seier avgjerda til namsmannen er viktig.

Martha Hagerup Nilson

NØGD: Martha Hagerup Nilson er glad over at arbeidet med den kraftstasjonen får halde fram.

Foto: Sindre Sunde Tveit

– Dette er ei veldig viktig avgjerd for heile Sogn og Fjordane og Midt-Norge. Vi kan halde fram arbeidet med å sikre Midt-Norge ei betre straumforsyning og leggje til rette for alle fornybare prosjekt som no står på vent i Sogn og Fjordane og Sunnmøre, seier ho.

Oppstart om to veker

Statnett hadde brukt mellom 75 og 100 millionar kroner i dalen då arbeidet startar. Nilson ventar at arbeidet vil vere i gang att i løpet av januar.

– No har vi varsla entreprenøren om at vi får tilgang, og at dei kan mobilisere mannskap. Vi ventar å kunne starte om eitt par veker, seier Hagerup Nilson.

– All den tid det framleis er fleire saker som skal opp i rettssystemet, hadde det ikkje vore greiast å vente til desse var avgjorde?

– Det er viktig for Statnett å komme i gang med arbeidet så raskt som råd, nettopp for å få på plass denne kraftlina som er så viktig for Sogn og Fjordane og Midt-Norge, seier Nilson.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få kommentar frå grunneigarane sin advokat.