I ettermiddag starta kommunen med å fjerna visne blomar, nedbrente lys og helsingar som held på å bli øydelagde ved Den blå steinen i Bergen sentrum.
Den blå steinen har fungert som eit sørgemonument i Bergen etter hendingane på Utøya og i Oslo.
Framleis ein minneplass
Helsingar og gjenstandar som no blir fjerna blir skal ivaretakast av Bergen byarkiv. Voks frå lys skal også takast vare på, og blomar skal komposterast. Byarkivet skal også ta bilete av Den blå steinen før oppryddinga startar.
– Me ønskjer likevel at markeringa ved Den blå steinen skal bestå ei tid til. Friske blomar og helsingar som tåler å ligga ute vil bli liggande. Innbyggjarar som framleis ønskjer å legga ned helsingar er hjarteleg velkomne til det, seier fungerande byrådsleiar Liv Røssland.
I Oslo starta kommunen
.Neste veke vil Bergen kommune ta stilling til tidspunktet for når steinen skal ryddast permanent.
LES OGSÅ:
Det er Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet som oppmodar om at det no skal startast ei skånsam opprydding.