Sidan opninga i 2006 har interessa for brukte ting auka kraftig og enkelte dagar er det kø utanfor døra når skattekista blir opna.
– Vi har folk som er innom kvar dag på jakt etter brukte skattar fortel Hjørdis Birkeland som er ansvarleg for NMS Gjenbruksbutikk i Førde.
– Vi har både eldre og yngre på besøk, det er kjekt unge også set pris på brukte gjenstandar.
Rundt om i landet har Det Norske Misjonsselskap nesten 50 bruktbutikkar, her i fylket kan du også handle brukt på Nordfjordeid og i Sogndal.
- Les også:
Folk gjev vekk mykje fint
I bruktbutikken, som ligg like ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, er det mange rom. Dei er fylte til randa med service, kjøkkenutstyr, dukar, lampar og møblar. På lageret står det og kasse på kasse klar til å bli prisa.
TEKSTILROMMET: Mange er på jakt etter dukar og gardiner.
Foto: Gro Ravnestad / NRK– Det er ikkje så mange dagar sidan vi fekk inn eit flott norskprodusert service til tolv personar. Det gjekk fort unna, fortel Birkeland.
Dei får inn store mengder brukte ting. Noko er dødsbu, men det er og mange som har rydda i skuffer og skåp.
– Vi snakkar ofte om det vi som jobbar her, at folk gjev frå seg mykje fint. Vi forstår ikkje heilt at folk klarar å gje det frå seg, seier Birkeland.
Inntektene frå salet i butikken går til ulike typar misjonsarbeid rundt om i verda. Dei som jobbar i butikken, gjer det på frivillig basis.
- Les også:
PREMIE TIL SALS: PÅ bruktbutikken i Førde kan du kjøpe deg heider og ære.
Foto: Gro Ravnestad / NRKHeider og ære til sals
– Her kan folk få det meste, seier Hjørdis og ler.
På ei hylle midt inne i butikken står det ein fin pokal på ei hylle. Dersom det er nokon som føler at dei manglar ein orienteringspremie får 2009, er det berre å ta turen inn.
Bak på lageret ligg det kasse på kasse med varer som enno ikkje er prisa. Koppar og fat frå Figgjo, Stavangerflint og Egersund ligg klare til å få ein ny heim.
Gjenbruksbutikken i Førde har ei eiga prisnemnd, som er på plass på kveldane for å prise dei ny varene.
– Det kan av og til vere vanskeleg å vite kor mykje vi skal ta for ei vare, vi er ikkje ekspertar på brukte ting. Det er mange diskusjonar bak på prisrommet.
Og det er få som går ut av bruktbutikken i Førde, utan ein liten brukt skatt med seg i veska. På vegen kan og ein og ta seg ein kaffikopp og eit kakestykke.