Hopp til innhold

Sprengde ut sti i nasjonalpark: – Ante ikkje at dette var ulovleg

Politiet får inn to saker i veka som gjeld ulovlege inngrep i verneområde. No har staten politimeld grunneigarar for å ha sprengt vekk stein på stien inne i Folgefonna nasjonalpark.

Folgefonna med Sandvikedalen og Mosdalen

ULOVLEG INNGREP: Grunneigarar har gjort inngrep nedst i Mosdalen, der Folgefonna nasjonalpark strekker seg frå 1600 høgdemeter heilt ned til Åkrafjorden.

Foto: Jan Rabben

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette er eit svært frodig, idyllisk og flott område. Naturtilstanden og geologien er veldig særeigen. Området er verna mot alle typar inngrep. Derfor ser me alvorleg på dette, seier Rune Mikkelsen i Statens naturoppsyn (SNO).

Han har ansvar for å følga med på Folgefonna nasjonalpark.

– Det er veldig strenge reglar mot å foreta seg noko som helst der.

Folgefonna nasjonalpark ligg mellom Hardangerfjorden i vest, Sørfjorden i aust og Åkrafjorden i sør.

Lengst sør strekker verneområdet seg langs Mosneselva heilt ned til fjorden.

På stien langs elva er det utført sprenging og graving inne i nasjonalparken.

Visualisering: Anders Nøkling

Men ovanfor den veglause hyttegrenda Mosnes er det no oppdaga at nokon har sprengt og grave i Mosdalen innanfor nasjonalparkgrensa. Mikkelsen drog på synfaring.

– På stien langs Mosneselva var det utført sprengingsarbeid i stein og blokkstein langs og på stien. Det var også bora og klargjort for ytterlegare sprenging.

Borehol med kjegler for sprenging på sti langs Mosneselva i Folgefonna nasjonalpark

Grunneigarane i Mosdalen har utan løyve sprengt vekk stein på stien inne i Folgefonna nasjonalpark.

Foto: Rune Mikkelsen / SNO

Inngrep er forbode

Ein nasjonalpark er eit større områdevern for å ta vare på viktige naturverdiar, og å avgrensa menneskeleg verksemd og utbygging. Til dømes graving, utfylling, sprenging og bryting av stein er forbode i nasjonalparken.

I alle norske verneområde må ein søka til både kommunen og til vernestyremaktene viss ein vil gjera inngrep.

Grunneigarane i Mosdalen hadde verken søkt til Folgefonna nasjonalparkstyre eller til Etne kommune.

Rune Mikkelsen

Rune Mikkelsen i Statens naturoppsyn reagerer på sprengings- og gravearbeidet i nasjonalparken.

Foto: SNO

Statens naturoppsyn har no meld grunneigaren til politiet, for brot på naturmangfaldlova og verneforskriftene for Folgefonna nasjonalpark.

– Dette området har strengt vern. Me tar meldinga frå SNO alvorleg og skal undersøka saka.

Det seier etterforskingsleiar Sjur Stava ved Nordsjø- og miljøseksjonen til Sørvest politidistrikt.

Sti langs Mosneselva i Folgefonna nasjonalpark

Stien langs Mosneselva vitnar om at den er laga for veldig mange år sidan, for stølsdrift og buføring til fjells. – Det kulturhistoriske er absolutt til stades, seier Mikkelsen i SNO.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ser mange ulovlegheiter kvart år

Gravinga og sprenginga på stien ved Mosnes er del av ein ganske dyster statistikk.

Miljødirektoratet – som SNO er underlagt – har sidan 2019 meld 330 saker til politiet for brot på naturmangfaldlova. Dei fleste sakene gjeld inngrep i verneområde.

– SNO kjem kvart år over ganske mange ulovlegheiter av ulike slag, seier juridisk seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Trond Flydal.

Inngrep i verneområde kan vera ulovlege vegar, graving, sprenging, ulovlege bygg, ulovleg motorferdsel.

Ifølge Flydal er det i all hovudsak privatpersonar som bryt naturmangfaldlova og verneføreskriftene.

Sprenging på sti langs Mosneselva i Folgefonna nasjonalpark

Grunneigarane har mellom anna fjerna eit berg som stien gjekk over.

Foto: Rune Mikkelsen / SNO

To saker i veka

Også privatpersonar, kommunar og andre kan melda inngrep i verneområde til politiet. På spørsmål frå NRK har Økokrim laga ei oversikt over saker sidan år 2020.

I gjennomsnitt har politiet mottatt over 1,9 saker i veka på dei snart fire åra.

Ifølge Mikkelsen er det sjeldnare med ulovlege inngrep i Folgefonna-området.

– Dette er ein nasjonalpark som heldigvis ikkje har så mange saker, samanlikna med andre verneområde og nasjonalparkar.

Han nemner Hardangervidda som eit døme der brukarinteressene og ferdselen er større og oftare kjem i strid med vern.

Mosnes ved Åkrafjorden

På stien langs elva opp frå Mosnes har grunneigarane grave og sprengt stein innanfor grensa til nasjonalparken.

Foto: Jan Rabben

Ville gjera stien sikrare

Grunneigaren har til nasjonalparkforvaltaren forklart at føremålet med arbeidet er «å gjera stien sikrare for folk som er dårleg til beins».

Magne Langåker er leiar for sameiget som har stått for arbeidet. Han seier det er åtte familiar som eig dalen. Dei starta arbeidet for eit par år sidan.

– Det er vår eigedom. Me har stelt med den i alle år. Me er stolte over dalen og historia vår. Intensjonen vår var å ta vare på stien, til glede for alle som går der. Den er veldig ujamn, grovt bygd, og utsett for slitasje, seier han til NRK.

– Trudde de at sprenging inne i nasjonalparken var greitt?

– Me ante ikkje at dette var ulovleg. I ettertid skjønar eg det, men me tenkte ikkje på det.

Nyleg utbetra sti langs Mosneselva i Folgefonna nasjonalpark

Slik ser stien ut der grunneigarane har jamna den ut. – Det har vore tradisjon at me har halde stien i god stand, seier Magne Langåker.

Foto: Magne Langåker

– I alle år har det vore ein kontinuerleg kamp mot elva for å oppretthalda ein sti langs dalen.

– Eit overgrep mot oss

Langåker seier det aller meste av arbeidet var heilt vanleg vedlikehaldsarbeid med spett og spade. Og at dei har brukt trollkraft, ikkje dynamitt.

No skal alle steinane med borehol likevel ikkje bli fjerna.

– Nokon av oss har kanskje vore litt ivrige der. Me har no fjerna kjeglene og skal fylla hola med sand.

Han er kritisk til manglande informasjon frå styremaktene.

– Me er ein ny generasjon eigarar. Me kunne blitt rettleia og informert om vernereglane. No har Statens naturoppsyn meld oss til politiet utan dialog med oss. Dette opplevast som eit lite overgrep. Og styremaktene har ikkje vist interesse for å trygga ferdselen i dalen.

SNO: – Nokon strekker strikken

Miljødirektoratet avviser at reglane er ukjende eller uklare.

– Ein finn svar viss ein berre sjekkar reglane som gjeld for det enkelte verneområdet, seier Flydal.

– Men som elles i samfunnet er det jo alltid nokon som prøver seg på å strekka strikken litt langt, utan at det nødvendigvis gjeld i denne saka, seier Mikkelsen.