Dei tre grunneigarane i Vevring som må gi frå seg eigedom til Nordic Mining, vil få nærare 40 millionar kroner i eingongserstatning.
To av grunneigarane er misnøgde med erstatninga. Den tredje grunneigaren, Bodil Engebø, seier det ikkje er nokon grunn til å ikkje vere nøgd med denne avtalen.
- LES OGSÅ:
Får også 2,5 mill. i året i 50 år
Førekomstane av rutil, brukt til kvitningsstoff i mellom anna tannkrem og maling, er stå store at Nordic Mining vil tene gode pengar på å utvinne mineralet. Men for å få dette til, vil bygda Engebø ved Vevring bli jamna med jorda.
Tidlegare har det kome fram at grunneigarane vil få 2,5 millionar på deling kvart år i driftspereioden på 50 år. No viser det seg at dei i tillegg vil på nærare 40 millionar i eingongserstatning.
To av grunneigarane er sterkt misnøgde med Nordic Mining si handtering av saka. Dette er Bodil Engebø usamd i.
– Vi må vere nøgde med 40 millionar kroner. Det har vore ein ryddig og god prosess heile vegen. Nordic Mining har langt alt til rette for oss med seminar på fire-fem dagar på hotell. I tillegg kan kan ringe dei når det er noko og vi har fått gratis advokathjelp, seier Bodil Engebø til NRK.no.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Eg er usamd med ho
Grunneigar Reidar Engebø har lite til overs for at Bodil Engebø går ut og skryt av Nordic Mining og erstatningsbeløpet.
– Eg er heilt usamd med ho, seier Reidar Engebø.
– Kva er årsaka til at to av tre grunneigarar ikkje er nøgde?
– Eg vil ikkje seie kva som er årsaka.
– Kan det vere at du og den andre grunneigarane svartmåler situasjonen?
– Nei, eg meiner vi ser ganske realistisk på dette.
Høyr radiosak her: