Hopp til innhold

Morten døydde etter politiskot. Spesialeininga legg vekk saka

Morten Michelsen vart skoten og drepen av politiet i Bergen. Familien er svært skuffa over at Spesialeininga for politisaker ikkje vurderer skytinga som straffbar.

Morten Michelsen

SKOTEN AV POLITIET: Morten Michelsen vart 39 år gamal. Han døydde etter ein politiaksjon mot leilegheita hans i Bergen i desember i fjor.

Foto: Privat

I den ferske avgjerda konkluderer dei med at skota frå politiet vart fyrt av i ein naudverjesituasjon.

– Dei gjekk ikkje lengre enn naudsynt for å avverja angrepet og ikkje openbert utover det som var forsvarleg, konkluderer Spesialeininga.

Morten Michelsen (39) fekk tre skot i overkroppen under aksjonen til politiet.

Tenestepersonane frå politiet har forklart at 39-åringen hadde ein kniv i handa under hendinga og det var også fleire branntilløp i oppgangen.

Det var Bergens Tidende som først hadde opplysningar om henlegginga frå Spesialeininga for politisaker.

Foreldre i sjokk

Advokat Kjetil Ottesen er bistandsadvokat dei etterlatne i saka. Til NRK seier han at foreldra til Michelsen reagerer med vantru på at saka blir lagt vekk.

– Det er uforståeleg for dei at det vart vurdert som ikkje straffbart å skyte Morten, seier Ottesen.

Det var på kvelden måndag 21. desember i fjor at naudetatane rykka ut til Ibsens gate i Bergen, der det var meld om ordensforstyrring.

Aksjonen enda altså med at 39 år gamle Morten Michelsen vart skoten av politiet. Han døydde seinare av skadane på sjukehus.

– Politiet har ansvar

Michelsen var i desember 2020 innlagt på det psykiatriske sjukehuset i Sandviken, men vart skriven ut berre timar før hendinga i Ibsens gate.

Det etterlatne har vore opptekne av å få svar på om maktbruken til politiet var naudsynt og forsvarleg.

Ottesen presiserer at politiet var på eit helseoppdrag.

– Då har dei eit stort ansvar for å gjennomføra dette på ein trygg og sikker måte. Politiet var i fleirtal, har spesialkompetanse og hadde skytevåpen med seg. At ein slik situasjon endar med tre dødelege skot i brystet, er umogleg å forstå og akseptere for dei.

Politiaksjon i Ibsens gate i Bergen mandag kveld

POLITISKYTING: Store styrkar rykka ut til Ibsens gate i Bergen 21. desember. Ein mann blei skoten av politiet, og døydde seinare av skadane.

Foto: Eivind Senneset / NTB

Slo inn døra

Fire politibetjentar som var direkte involvert i hendinga har hatt status som mistenkte.

Spesialeininga har gjort rekonstruksjon av hendinga og har også hatt tilgang til Michelsen eigne lydopptak av hendinga.

Til spesialeininga har dei forklart at dei stod på trappeavsatsen utanfor leilegheita til Michelsen. Dei tok oppstilling etter å ha slått inn døra hans.

– Spesialeininga har lagt til grunn at Michelsen deretter kom ut av leilegheita og bevega seg raskt mot politiet med ein kniv i handa, heiter det i avgjerda.

Ein politietbetjent reagerte då med å fyre av tre skot på kort avstand i overkroppen til Michelsen.

– Etterforskingsresultatet taler med styrke mot at vedkommande gjorde ei straffbar handling. Tilsvarande gjeld for politiet si oppdragsløysing i heilskap, meiner Spesialeininga.

Dramatiske minutt

I forkant av skytinga var det meldt mykje røyk og bensinlukt i oppgangen på leilegheitsbygget.

Hendingsforløpet dei siste to minutta var slik:

  • Ca 22.32 - to minutt før skytinga: Innsatsleiar helse melder om at bebuarar er innesperra og at det luktar bensin i oppgangen. Samstundes ser ein politipatrulje at ein mann tente på noko inne i ein leilegheit og at dei vil prøve å ta seg inn. Brannvesenet såg opne flammar i vindauget og starta sløkking.
  • Ca 22.34: Patruljen melder tilbake at dei har skote ein person.