Hopp til innhold

Sperrar av delar av cruisehamna, men berre for bussane

Det vert færre bussar i cruisehamna i Olden denne sommaren. Årsaka er at ein vil hindre belastning på den utrygge grunnen. Delar av hamna vert difor sperra av.

Yrande folkeliv i Olden då «Independence of the Seas» og «MS Queen Elizabeth» vitja cruisekaia

UTRYGG: Oppstillingsplassen til bussane i cruisehamna i Olden står på utrygg grunn.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det område vi skjermar for bussar vil bli eit flott vrimleområdet for turistane. Det var snakk om sperreband, men det er ikkje slik vi ser det føre oss. Vi plasserer nok nokre blomsterkassar eller andre ting som avgrensar området, seier ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

NRK skreiv fredag morgon om rapporten frå Norconsult som slår fast at grunnen under cruisehamna i Olden er utrygg, og at ein frykta at delar av den kan rase ut ved for mykje belastning.

Nordfjord Hamn og Stryn kommune hadde møte om saka torsdag. Saman har dei funne fleire løysingar på utfordringa dei har kome opp i.

Vrimleområde for turistane

Sven Flo

MELLOMBELS LØYSING: Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier eit området i hamna vil bli sperra av for bussane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har allereie gjort noko oppgradering, men denne tilleggsutgreiinga frå Norconsult stadfestar at ein del av kaifronten på landsida ikkje bør ha for mykje belastning.

Dette er også det området som cruisepassasjerane vert transportert ut frå kaia med bussar.

– Vi vurderer no ein annan innkøyringstrase. Då treng ikkje bussane å manøvrere på plassen, men køyre inn, laste på eller av og køyre deretter ut av området, fortel Flo.

Tiltaka kommunen og hamna er blitt samde om er å avskjerme området nærast kaia. I staden for at bussane køyrer der, vil dette bli eit vrimleområde for cruiseturistane.

Ordføraren trur ein må avgrense talet bussar i forhold til det ein har hatt tidlegare.

– Det vil nok bli litt færre bussar, men med god planlegging skal vi få dette til. Bussane vert mata inn på denne plassen, men vil kanskje få oppstillingsplass ein anna plass, forklarar Flo.

Han påpeikar at sjølve kaia er i god teknisk stand, men at det er området bakom sjølve kaia som har ein utrygg grunn.

Må få på plass sikringstiltak

Bjørg Næss

MÅ PRIORITERE: Å sikre området må prioriterast. Det meiner Bjørg Næss.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dagleg leiar i Geiranger og Nordfjord Cruise Handling Bjørg Næss sa tidlegare at ho frykta parkeringskaos for dei mange bussane som skal frakte cruisepassasjerane.

Flo seier at ved god planlegging og representantar frå Nordfjord hamn til stades i sommar, så vil dette løyse seg på ein god måte for alle.

– Dette vert ei mellombels løysing for i år. Vi får ikkje gjort noko tiltak rette mot den utrygge grunnen, men vi må sjå kva vi kan gjere til neste sesong.

Næss meiner at det å sikre området må vere første prioritet.

– Det håpar eg vert gjort i nær framtid, seier ho.

Kommunen må sjå på kostnader knytt til tiltak ved forsterking av landfronten. I dag ligg det alt planar om gangveg og nytt oppstillingsområdet for bussar på bordet.

– Dette forkludrar litt den prosessen vi var inne i, så vi må nok ta nokre ekstra vurderingar, seier Flo.