Hopp til innhold

Spektakulær helg for Rallarvegsløpet

John Henry Strupstad og Ragnhild Kvarberg Hjelle stakk av med sigeren på det 81 km lange Rallarvegsløpet i helga. Løpet er eit to dagars fjelløp som strekk seg frå Flåm til Haugastøl via Finse.

Rallarvegsløpet

62 løparar fullførte Rallarvegsløpet. Løpet byr på spektakulære omgjevnadar.

Foto: Espen Ringom / Kondis

– Det er ein utruleg flott trasé å springe, men eg merka i beina at eg ikkje er godt nok trent for dette. Forhåpentlegvis er eg løpsbar igjen etter nokon dagars kvile, fortalde Hjelle etter løpet.

Ragnhild Hjelle

Ragnhild Kvarberg Hjelle treivst i fjellet og tok sin første seier som ultraløpar.

Foto: Espen Ringom / Kondis

Hjelle klarte overgangen frå baneløp til ultraløp og vann det 81 km lange Rallarvegsløpet frå Flåm til Haugastøl. Ho har lang og god banekarriere bak seg med fem NM-gull på 1500 m og EM-deltaking på både 1500 og 5000 m som høgdepunkt. John Henry Strupstad tok sin andre strake seier.

Begge vinnarane vann begge etappane. Etter å ha distansert konkurrentane på den 54 km lange førsteetappen kunne dei kontrollera det heile på dei 27 kilometerane frå Finse til Haugastøl.

Løypa følgjer den idylliske Rallarvegen, frå havnivå og opp til 1343 moh. for så å gå slakt nedover til 988 moh. Ned til start får deltakarane ei flott reise med Flåmsbana.

Varme og motvind

I strålande sol og 25 grader, starta 70 løparar i Flåm. Rallarvegsløpet er eit todagars ultraløp som går frå Flåm til Haugastøl med innlagt overnatting på Finse. Distansen er 54 km laurdag og 27 km søndag. Rallervegsløpet har med løparar frå store deler av landet.

Forholda i årets løp var krevjande med varme og motvind, men til gjengjeld var omgivnadane på sitt aller vakraste med blå himmel, delvis snødekte fjell, brusande elver og idylliske vatn.

John Henry Strupstad har vore ein av landets beste ultraløparar i mange år, og no kunne han føye ein ny triumf til sin merittliste.

John Henry Strupstad

John Henry Strupstad tok sin andre klare seier i Rallarvegsløpet som går frå Flåm til Haugstøl.

Foto: Espen Ringom / Kondis

– Det gjekk ikkje like lett og fort som i fjor, utan at eg heilt veit kvifor. Men kombinasjonen av varme og motvind gjorde nok at det ikkje vart snakk om løyperekord denne gangen, meinte Strupstad.

Han vann med 18 minutts margin til Anders Staude som spring for Gular.

62 løparar fullførte begge etappar fordelt med 21 kvinner og 41 menn. Rallarvegsløpet vart arrangert for tolvte gang, og deltakarane fekk ein flott reise frå havnivå i Flåm til løypas høgaste punkt 1335 moh. ved Fagernut og vidare til Finse og Haugastøl.