Hopp til innhold

Sp vann valet, men tapte forhandlingane

Senterpartiet er valvinnar i årets kommune- og fylkestingsval, men tapte kampen om ordførarane fleire stader i fylket. Sjå lista nedst i saka.

Aleksander Øren Heen slepper jubelen laus

JUBELEN LA SEG FORT: Aleksander Øren Heen gjorde tidenes brakval i Årdal, men fekk ikkje ordførarvervet etter at dei ikkje fekk i stand forhandlingar med Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Per Rune Vereide

NØKTERNT SKUFFA: Fylkessekretær i Senterpartiet, Per Rune Vereide, hadde håpt dei skulle lukkast betre i forhandlingane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

For sjølv om partiet vart størst i kommunar som Eid, Fjaler, Gaular, Hornindal og Balestrand, tapte dei i forhandlingane om ordførarmakta.

Fylkessekretær i Senterpartiet, Per Rune Vereide, hadde håpt på betre utteljing.

– Ordførarforhandlingar er diverre ikkje rein matematikk, det er andre forhold som spelar inn. Resultatet vart slik det vart, det lyt vi berre ta til vitande, seier han.

– Ikkje skuffa, men ...

Senterpartiet har fått 8 av dei 25 ordførarane som er klare så langt. Det er éin meir enn i førre periode, i tillegg til at dei har fått fylkesordføraren.

– Vi kan ikkje seie at vi er skuffa etter eit slikt val, men litt fleire ordførarar trudde eg at vi skulle få når eg såg resultatet, seier Vereide.

I Gloppen, Gulen, Jølster, Lærdal og Luster var Senterpartiet suverene og det var ingen kamp om kven som skulle få ordføraren. I Solund sikra partiet knapp valsiger, med 34,5 prosentpoeng, eit halvt prosentpoeng meir enn Høgre.

I Hyllestad og Vik kan Sp seiast å ha vunne forhandlingane. I Hyllestad var dei delt størst parti med Ap, men trakk det lengste strået i forhandlingane. I Vik stakk dei av med ordføraren, til trass for at Ap er eit større parti.

I Selje er forhandlingane enno ikkje over. Der er Senterpartiet tredje størst, med 16 prosentpoeng.

Her tapte Sp forhandlingane

  • Eid: Senterpartiet gjekk fram 10,5 prosentpoeng og fekk 9 av 29 representantar i kommunestyret. Det er tre fleire enn ved førre val. Vart det største partiet i prosent, delt størst med Venstre viss ein ser på mandat. Venstre fekk ordføraren.
  • Fjaler: Gjekk fram 17,5 prosentpoeng og fekk 8 av 23 representantar i kommunestyret. Det er fire fleire enn ved førre val. Er det største partiet i kommunen, men venstre fekk ordføraren.
  • Gaular: Gjekk fram 7,9 prosentpoeng og fekk 8 av 21 representantar i kommunestyret. Det er to fleire enn ved førre val. Er det største partiet i kommunen, men Høgre fekk ordføraren.
  • Hornindal: Gjekk tilbake 3,4 prosentpoeng, og mista eitt mandat. Har 6 av 17 representantar i kommunestyret og er det største partiet i kommunen. Høgre fekk likevel ordføraren.
  • Balestrand: Gjekk fram 12,3 prosentpoeng og fekk 5 av 17 representantar i kommunestyret. Det er to fleire enn ved sist val. Er det største partiet i kommunen, men Arbeidarpartiet fekk ordføraren.
  • Årdal: Stod for tidenes brakval, gjekk fram 24,7 prosentpoeng og fekk 8 av 21 representantar i kommunestyret. Det er fem fleire enn ved førre val. Er det nest største partiet i kommunen, men mangla berre støtte frå Miljøpartiet Dei Grøne for å få ordførarklubba. Den gjekk i staden til Arbeidarpartiet.
  • Leikanger: Hadde størst framgang av alle parti, heile ti prosentpoeng. Er det nest største partiet i kommunen, men Ap er framleis størst og fekk ordføraren.
Ordførerkart 2015 v2 - vestlandet