Hopp til innhold

Sjokket: Velta den store Ap-bastionen - her slepper han jubelen laus

FØRDE (NRK): Aleksander Øren Heen og Senterpartiet kastar Arbeidarpartiet ned frå tronen i Årdal - for første gong i etterkrigstida.

JUBLA: Aleksander Øren Heen strekte armane i veret då resultatet kom frå Årdal. Foto: Arne Stubhaug. Video: Rune Fossum

Vallogo

– Det er heilt vilt! Sensasjonelt, seier ein jublande Aleksander Øren Heen.

Han var omringa av fotografar, då han fekk telefon med resultatet frå heimkommunen: Uoffisielle tal syner at Senterpartiet i Årdal har fått 38 prosent av stemmene, mot Arbeidarpartiets 44 prosent.

– Nesten uverkeleg, men kjekt

Det er ein real skrell i det politiske Norge, der Årdal har vore trekt fram som den største Ap-bastionen av dei alle. Sidan 1950-talet har Arbeidarpartiet vore utilnærmelege.

Så seint som for fire år sidan fekk partiet 74,7 prosent - no ligg det an til maktskifte i kommunen.

– Det er nesten uverkeleg. Men utruleg kjekt, seier arkitekten bak omveltninga, Øren Heen.

– Eit tidsskilje for Årdal

No jobbar Øren Heen for å komme til ordførarstolen. Senterpartiet har allereie avtalar om å komme til makta saman med andre parti, dersom Ap skulle miste fleirtalet i kommunen.

– Vi må samarbeide med andre for å få fleirtal, seier han.

Fylkesleiar Hilmar Høl i Arbeidarpartiet karakteriserer resultatet som eit tidsskilje for Årdal. Han var tydeleg prega etter nedturen.

– No må vi gå i tenkjeboksen, seier han til NRK.

Her ser du valresultata i Årdal.