Hopp til innhold

Sopp frå Asia trugar norske askeskogar: – 90 prosent kan døy ut

Forskarane fryktar at ein aggressiv soppsjukdom kan forandre askeskogane i fleire tiår.

Askeskuddsyke

SMITTA ASK: Dei fleste trea som vert angripe av soppen askeskotbeger døyr. Nakne kvistar er eit teikn på smitte.

Foto: Fride Høistad Schei / tidsskriftet Naturen

– Det er ein katastrofe for asketrea sin del, seier seniorforskar Magne Sætersdal ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i Bergen.

Over heile landet vert ask no råka av soppen askeskotbeger, som angrip og drep tresorten.

Den asiatiske soppsjukdommen, som fører til høg dødelegheit hos ask, vart oppdaga i Europa på byrjinga av 1990-talet, og påvist på Sør-Austlandet i 2008.

– Smitten har no nådd oppover heile vestlandskysten, og det er mange sjuke og døyande tre, seier Sætersdal.

– All askeskog er truga

Soppane lager små porer som bles med vinden, og sjukdommen har stor spreiingsevne.

– Det må fleire infeksjonar til for at eit tre skal døy, men det er nokså store mengder smitte ute og går, seier professor Halvor Solheim ved NIBIO.

Når eit tre vert smitta veks soppen inn i kvistane og greinene på treet.

– Dermed får treet også problem med å produsere næring til seg sjølv, og etter kvart kan også treet døy, forklarar Sætersdal.

Askeskuddsyke

NAKENT: Soppen veks inn i treet, og gjer at kvistane mister blad og døyr. – Treet vil først produsere nye greiner og kvista, men det vert nok så tynt. Vi reknar med at om lag ti prosent av trea som vert smitta vil overleve, seier Magne Sætersdal ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Foto: Henning Haukeland

Han er uroa for konsekvensane av sjukdommen.

– All askeskog i Noreg er no truga. Det er også ein alvorleg situasjon for artar som er knytte til tresorten, som larver og insekt som lever på asketrea, seier Sætersdal.

Ifølge tidsskriftet Naturen, som først skreiv om saka, kan asketre bli mellom 30 og 40 meter høge. Eit tre utan blad kan lett kjennast igjen på store og svarte vinterknoppar.

– Ein kan sjå at eit tre er smitta av askeskotsykje ved at det har mange nakne kvistar, seier Sætersdal.

Trur ikkje på utrydding

Studiar frå Danmark viser at 90 prosent av trea som er smitta av askeskotsjukdomen der døyr.

– Truleg er det genetisk, og fordi ulike tre har ulike genar og motstandsdugleik, vil enkelte tre klare seg. Unge tre døyr også lettare enn eldre tre, forklarer Sætersdal.

Risikerer vi å stå utan ask i åra framover?

– Eg trur vi får mange år med færre asketre, men vi har ein tanke om at dei trea som er motstandsdyktige vil få avkom som er meir motstandsdyktige. Viss det er riktig, vil vi få tilbake asken i større grad om nokre tiår, seier Sætersdal.

Magne Sætersdal

FORSKAR PÅ ASKESOTSYKE: Magne Sætersdal er seniorforskar i Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO.

Foto: Erling Fløistad / NIBIO

NIDO-forskarane som sit i Bergen jobbar no med å finne ut kva effekt sjukdommen får for det andre biologiske mangfaldet i skogen.

– Vi skal samanlikne situasjonen framover med tidlegare år, seier Sætersdal.

– Ikkje hogg friske tre

Sætersdal seier det er lite ein kan gjere med sjukdommen som allereie har godt grep om dei norske trea.

– Men viss ein har frisk ask i hagen eller på eigedommen: Ikkje hogg ned treet! Det er truleg ein ask som er immun mot soppen. Desse trea må vi ta vare på, for dei skal danne grunnlaget for neste generasjon asketre.