Hopp til innhold

Sommaren er komen – likevel strøymer folk mot snø og fjell

Det er fleire som ikkje har fått nok av vinteren. Er du ein av dei, må du skunde deg!

Stryn sommarski

PERFEKTE FORHOLD: På Stryn sommarski har finvêret gjeve perfekte forhold, men gode temperaturar er ikkje berre positivt for skisentera.

Foto: Nina Lensebakken

Flott vêr gjev draumeforhold på sommarskisentera på Vestlandet.

Før pinse opna Sognefjellet og Folgefonna opp for skientusiastar frå heile Noreg.

Torsdag førre veke opna også Stryn sommarski for folk som ikkje er klare for å sleppe tak på vinter og snø.

– Vi er førebudde på at det kjem ganske mange denne helga, så vi har auka fokus på smittevern, seier Nina Lensebakken, dagleg leiar i Stryn sommarski.

Det flotte vêret på Vestlandet har lokka mange til fjells.

– Folk kjem ganske tidleg. Det er full rulle og god stemning, melder ho frå skianlegget laurdag.

Fryktar kort sesong

Men den gode stemninga kan ta slutt tidlegare enn ønska.

Lite snø og steikande sol er ei utfordring.

– Vi håpar på kalde netter slik at vi kan halde ope ut juni. Det er ingen rekordår med snø, seier Lensebakken.

Sognefjellet sommerski

DRAUMEVÊR: På Sognefjellet melder langrennslandslaget om perfekte forhold.

Foto: Sognefjellet sommerski

Landslagssjefen: – Draumeforhold

Det same gjeld Sognefjellet sommarski som satsar på å halde ope til 12. juli.

Der merkar dei stor pågang.

– Eg har fått bestillingar frå folk frå Oslo, Trøndelag og Mo i Rana. Det er veldig flotte omgjevnader no, seier dagleg leiar Ove Fortun.

Dei forholda nytta også langrennslandslaget seg av.

Fredag kom kvinnene på plass, ut i neste veke slutta herrane seg til troppen på Sognefjellet.

– Eg har sjølv vore på Sognefjellet sida slutten av 70-talet og har opplevde mine verste og beste skiopplevingar her. Men akkurat no er det tilnærma draumeforhold, seier landslagssjef Ole Morten Iversen.

Johaug fornøgd

Det er ingen tvil om at Therese Johaug og resten av landslaget kosar seg.

Therese Johaug på Sognefjellet

LYKKE: Therese Johaug og langrennslandslaget nyt godt av perfekte forhold på Sognefjellet.

Foto: Instagram: @johaugtherese

– Lykke, skriv skidronninga på sin Instagram-profil.

På grunn av smittevern har det vore stengd laurdag i samband med landslagssamlinga.

– Det er litt strengt når dei er her, men elles blir det nasjonale regler som gjeld, seier dagleg leiar Ove Fortun.

Snø og sommar

Lengre sør på isbreen Folgefonna har dei hatt ope sidan midten av mai.

Dagleg leiar Michael Iversen meiner ein kan få det beste av årstidene på Folgefonna i denne helga.

– Det som er så fint her er at du kan stå på ski på dagen, og så bur ein i Jondal og der kan ein grille, bade og nyte sommarvarmen, seier Iversen.

Også der ventar dei besøk frå våre største vinteridrettsutøvarar.

Folgefonna sommerski

MAGISK: På isbreen Folgefonna kan ein få flott utsikt over Hardangerfjorden.

Foto: Visit Hardangerfjorden

– Neste veke kjem herrelandslaget i alpint som skal vere her ei veke. Men vi legg til rette også for dei som berre vil komme for å stå på ski, seier Folgefonna-sjefen.

Der håpar dei å kunne halde ope litt lengre enn dei andre skisentera.

Har du planar om å besøke Stryn sommarski, er beskjeden klokkeklar.

– Kom i juni. Det er synd å sei det, men slik er det å bruke natursnø, seier Nina Lensebakken.

Flotte forhold på Folgefonna sommerski

PREPARERT: På Folgefonna er løypene klare for dei som ikkje er ferdig med vinteren.

Foto: Ivan Dragen