Adm. dir. Jon Bolstad. Arkivfoto Steinar Lote NRK
- Helse Førde har sette ein frist på sju dagar, og det er eit krav, seier adm. direktør Jon Bolstad.
Lite har endra seg
Brevet frå sjukehuset til primærlegen blir kalla epikrise, og Helse Førde har for lengst sagt at 80 prosent av desse breva skal vere skrivne og utsende innan sju dagar. I Helse Førde ligg dette talet framleis på berre 50 prosent, og lite har endra seg etter at kravet om fortgang kom.
- Skal rette seg
- Det må ei haldningsendring til blant legane, seier Bolstad, som lovar at det skal ha retta seg før året er omme.