Hopp til innhold

Solund kan likevel få vindkraft

Det kan bli ein ny runde om det skal byggjast ut vindkraft i Solund. Sula Kraft vurderer no nye løysingar.

Biletet viser visualisering av vindkraftanlegget på Ytre Sula

MILLIONINNTEKTER: Kommunen har sagt nei, men sikra seg i fjor sommar ein økonomisk avtale om det blir noko av. No ligg det an til at kommunen må ta stilling til endra planar for vindkraftutbygging.

Foto: ASK Rådgivning

For eitt år sidan var vindkraft eller ikkje eitt brennheitt tema i den vesle øykommunen. Den gong sa både kommunestyret og folket nei.

Men no legg Sula Kraft fram nye planar, og korleis ein skal stille seg til dei er ikkje bestemt.

– Dei har presentert ei større endring i sitt prosjekt, og det er noko vi må bestemme politisk korleis vi skal handsame, om selskapet leverer ein tilleggssøknad til NVE, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen.

For eitt år sidan var svaret nei

Planane om vindkraftutbygging i øykommunen kan no bli aktuelle å sjå på ein gong til. Til saman kan kommunen få 88 vindturbinar fordelt på tre vindparkar, i områda Ytre Sua og Ulvegreina.

Men ikkje alle var like positive. Turfolk meiner mellom anna at vindturbinane vil øydelegge for friluftsliv og turisme, medan andre meiner vindparkane vil gje viktige inntekter til ei slunken kommunekasse.

For litt over eitt år sidan gjekk innbyggjarane til stemmeurnene for å seie sitt, og det vart eit knapt fleirtal som sa nei. 204 sa ja til vindkraftutbygging, 229 nei, og 11 stemte blankt.

Kommunestyret følgde opp og sa også nei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Gunnar Krakhellen
Foto: Steinar Lote / NRK

– Ei stor endring

Men no vurderer altså kraftselskapet nye løysingar, fortel ordførar Ole Gunnar Krakhellen.

– Dette går på mellom anna moglegheitene for å gå vekk frå kraftlinjer på land og heller prioritere sjøkabel direkte frå Ytre Sula og vindkraftanlegget der til Lutelandet og dei planane om industri og kraftlinjer som er der, seier Krakhellen.

– Kva betyr dette for kor villige Solund er på å gå for eit slikt prosjekt?

– Det har ikkje vore konkludert noko på det, men det er klart at dette er ei stor endring av søknaden, om dei gjer det.

Sjølv om kommunen altså har sagt nei til vindkraftplanane gjorde dei i fjor sommar ein avtale med kraftselskapet som betyr at dei er økonomisk sikra om det likevel skulle bli utbygging.

Det hastar med avgjerd

Sula Kraft er mellom anna eigd av Sunnfjord Energi. Administrerande direktør Fredrik Behrens seier politikarane i Solund no får det travelt.

– Desse vindkraftverka let seg berre byggje før 2020 med det regimet vi har i dag. Skal vi greie får det på plass må kommunen nesten bestemme seg i år, seier han.

– Om ikkje vert prosjektet skrinlagt?

– Så definitivt er det vanskeleg å seie, men grovt sett ja.

Trur folk kan vere opne for å endre standpunkt

Behrens seier dei i utgangspunktet byrja planlegge vindkraft i Solund fordi det var folk i området som hadde bede dei om det.

– Men fleirtalet i kommunen har jo sagt at dei ikkje vil ha vindkraft?

– Men det betyr ikkje at ein kan vere open for å endre seg, seier Behrens.

Solund-ordføraren veit at dei no må ta stilling til saka på ny, dersom kraftselskapet søkjer NVE på nytt.

– Vi må ta stilling til ein del ting iallfall i ikkje altfor fjern framtid.