Hopp til innhold

Økonomisk avtale om vindkraft

Solund kommune har sagt nei til vindmøller, men saka er framleis ikkje avgjort av NVE. For å vere budde på eit eventuelt ja til vindmøller har kommunen no sikra seg ein økonomisk avtale.

Biletet viser visualisering av vindkraftanlegget på Ytre Sula

MILLIONINNTEKTER: Ein vindkraftpark på Ytre Sula vil sikre Solund kommune 14 millionar kroner i årlege inntekter, dersom den blir noko av.

Foto: ASK Rådgivning

Både kommunepolitikarane og eit fleirtal av innbyggjarane i øykommunen har sagt nei til vindkraftutbygging i Solund. Men det er Norges vassdrags- og energidirektorat som skal avgjere saka, og Solund kommune er føre var med tanke på eit eventuelt klarsignal for vindkraftutbygging.

Saman med Sula Kraft AS har kommunen no sendt ut ei pressemelding der dei fortel om ein avtale dei har inngått som skal sikre kommunen økonomisk kompensasjon for ein eventuell vindpark.

– Sjølv om Solund kommunestyre i utgangspunktet har sagt nei til vindkraftutbygging i Solund, så er denne avtalen særs viktig for oss, skriv ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen i pressemeldinga.

Sikra 14 millionar i året

Sula Kraft AS har søkt om å få byggje eit vindkraftverk på Ytre Sula, med til saman 39 vindturbinar. Desse vil årlege lage nok kraft til å forsyne 22.000 husstandar med kraft.

Avtalen som no er inngått mellom kraftselskapet og Solund kommune vil trå i kraft dersom NVE gir klarsignal for utbygginga. Kjem vindparken vil Solund kommune få 14 millionar kroner i året som kompensasjon for ulempene som kraftverket medfører.

Dersom kommunen innfører eigedomsskatt vil denne kompensasjonen felle vekk og Sula Kraft AS vil i staden betale eigedomsskatt på lik linje med andre.

Får i tillegg betre vegar

Dagleg leiar i Sula Kraft AS, Olav Osvoll, seier bygginga av kraftverket i tillegg vil bety betre infrastruktur som gir allmenn nytte.

Mellom anna vil den eksisterande fylkesvegen på Ytre Sula bli rusta opp for 11 millionar kroner, det blir lagt fiber til Solund ti ein kostnad på 4 millionar kroner og ein skal byggje ny veg mellom Nåra og Haldorsneset til 39 millionar kroner for å nemne noko.

– Ei utbygging av vindkraft på Ytre Sula vil gje store positive effektar lokalt og regionalt, skriv Osvoll i pressemeldinga.

Gjennom avtalen er det også sikra at Sula Kraft vil byggje opp sin tekniske driftsorganisasjon i Solund. Dette vil tilføre om lag 8 årsverk til kommunen.

– Denne avtalen klargjer kva utbyggjaren forpliktar seg til dersom denne konsesjonen vert gjeven, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen som er glad denne avtalen no er på plass.

Konsesjonssøknaden for kraftverket er no til handsaming i NVE, og det er venta at det kjem eit svar i løpet av 2013 eller 2014.