Hopp til innhold

Vindmøllekaos for politikarane

Både fylkespolitikarar og kommunepolitikarar opplever vindkraftsaker som vanskelege. No veit dei ikkje om dei er ugilde eller ikkje når sakene skal handsamast.

Vindmøller på Mehuken i Vågsøy

Mehuken i Vågsøy er eitt av områda i Sogn og Fjordane der det er bygd ut vindmøller.

Fleire kommunar og Fylkesutvalet har frå før fått krass kritikk for rotete sakshandsaming i vindkraftsaker. Ordførar i Gulen, Trude Brosvik er inhabil i kommunestyret, men kanskje ikkje i Fylkestinget.

- I mitt tilfelle kan det skje, seier Brosvik.

Forskjellig praksis

For i Gulen kommune vart ordføraren erklært ugild då kommunestyret handsama innspel til fylkesdelplanen for vindkraft. Dette fordi ho sjølv er grunneigar.

Trude Brosvik

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Men når Fylkestinget skal handsame den same planen, er det derimot usikkert om ho vert erklært ugild. Der har Fylkesutvalet tidlegare fått krass kritikk frå jussekspertar for å handsame planen når fleire medlemmer der har styreverv i kraftselskap.

- Dei har heilt sikkert fått dette vurdert av sine rådgjevarar som har kome til ei anna slutning. Det er rådet sjølv som skal avgjere det, og kor vidt dei har nokon igjen i rådet for å avgjere dette viss dei plukkar folk vekk, det veit eg ikkje, seier Brosvik.

- Det kan nesten sjå ut som det er litt uoversiktleg korleis ein vurderer habilitet frå instans til instans?

- Det trur eg er rett observert, vedgår Brosvik.

Vedtak kontrollert av Fylkesmannen

Gunn Åmdal Mongstad

Gunn Åmdal Mongstad er ordførar i Solund.

Foto: Solund Kommune

Og for å gjere kaoset komplett. I Solund vart ingen erklært ugilde då kommunen handsama kommuneplanen som legg opp til vindmøller. Men no konstaterer ordførar Gunn Åmdal Mongstad at Fylkesmannen vil kontrollere om vedtaket er lovleg.

- Det er heilt greitt at det vert gjort. For det er viktig for alle partar i denne saka at ein får klargjort kva som er rett og ikkje, seier Åmdal Mongstad.