Hopp til innhold

Framleis utan funn i Stryn

Det framleis ikkje gjort funn i søket etter Christoffer Ordahl (30) som sist gav livsteikn frå seg i Stryn fredag førre veke. Det blei oppdaga spor kring Tungegjølet ved Hoven, men dette er ikkje spor etter menneske.

– Spora er undersøkt av Norske alpine redningsgrupper og det var ein stein som har laga spora, seier innsatsleiar Jan Tore Sunde.

18 personar frå Røde Kors er framleis ute og søkjer seint onsdag kveld. Åtte personar frå sivilforsvaret vil sette opp lyttepost gjennom natta, før aktivt søk startar opp igjen torsdag morgon.

Leitemannskap frå Røde Kors på veg mot Staurinibba

Søkjer på fjerde dagen etter Christoffer (30) - kallar inn mannskap frå fleire fylke

For fjerde dag på rad blir det søkt etter sakna Christoffer Ordahl i Stryn. 30-åringen frå Risør la ut på fjelltur fredag føremiddag.