Hopp til innhold

Skattebråk i Sogndal: «Eg føler meg eigentleg kok forbanna»

SOGNDAL (NRK): Hans Christian Hansen i Sogndal er forbanna og frustrert over at han og mange andre brått har fått dobla den årlege eigedomsskatten.

Hans Christian Hansen i Trolladalen i Sogndal

FRUSTRERT: Hans Christian Hansen bur i Trolladalen i Sogndal sentrum. Han synest det er frustrerande å få ein auke i eigedomsskatten på over hundre prosent.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg føler meg eigentleg kok forbanna og lurt trill rundt. Sogndal kommune har angripe dette på ein litt sånn mystisk måte, det har vore litt skjult. Verkar som om ingen veit heilt kva som har skjedd, og så brått skjedde det, seier Hansen til NRK.

Kommunen har auka skattesatsen frå 2,3 til 2,6 promille, og brukar no Skatteetaten sine formuestal som grunnlag for å rekna skatten. Dei har også rekna inn prisstiginga frå 2006 til i dag, dermed har mange fått dobla eigedomsskatten sin ut frå kva dei er vande med å betale kvart år.

– Min eigedomsskatt har blitt fordobla, for min del så er det jo 102 prosent auke, fortel Hansen.

Vedteke av kommunestyret

Ordførar Jarle Aarvoll forstår at nokon kan oppleve det frustrerande å brått få melding om ein slik skatteauke.

Men han peikar på at det lenge sidan sist eigedomsskatten blei taksert, og at det ligg eit klart lovgrunnlag og politiske vedtak bak. Alt i desember i fjor vedtok fleirtalet i kommunestyret auken i eigedomsskatt.

– Ein ser jo no at ein opererer ein med mykje høgare takstgrunnlag. Der ein tidlegare hadde at ein betalte 7 promille, så betalar ein i dag 2,6 promille. Men likevel meir enn tidlegare. Men ein skal ta på alvor folk ser rekninga og seier at dei visste om ein auke, men at den ikkje skulle bli så stor.

Brukar nye tal for å rekne

For ein vanleg familie med hus i sentrale Sogndal betyr skatteauken om lag 500 kroner i tillegg kvart år, men for mange har det kome som ei sjokkrekning sidan det og er rekna inn prisveksten dei siste ni åra.

Ein familie NRK har vore i kontakt med har vanlegvis betalt kring 3000 kroner årleg, no fekk dei rekning på om lag 8000 kroner.

Om lag 85 prosent av norske kommunar med eigedomsskatt har no teke i bruk det nye systemet for å rekne kor mykje folk skal betale.

I staden for å bruke ei kommunal takstnemnd kvart tiande år, blir no eigedomsskatten rekna ut frå formuessummen på eigedomen, samt verdien på eigedom i dei ulike områda.

Hans Christian Hansen meiner at folk må syne kva dei tenkjer om dette.

– Kommunane kjem til å generere inntekter ved å auke skattar og avgifter til innbyggjarane i mange år framover. Men vi kan påverke politikarane til å endre regelverket, slik at eigedomsskatten bli redusert, i alle fall til det den var, meiner Hans Christian Hansen.