TILBAKE: Lars Christian Kjemhus stod over mot Viking på grunn av for mange gule kort. Han er tilbake i troppen som laurdag flyg til Trondheim.
Foto: Rune Fossum / NRKFor med på flyturen nordover er midtstoppar Hannu Patronen og kantspelarane Gilbert Koomson og Lars Christian Kjemhus.
- Sjå laguttaket nederst i saka.
Finnen har vore ute i tre veker med ein strekk på framsida av låret, medan Henrik Furebotn og Eirik Birkelund vikarierte for suspenderte Koomson og Kjemhus mot Viking.
– Vi lei litt av at kantspelarane våre var ute. Ikkje for å seie noko mot Henrik og Birkelund, men dei er sentrale midtbanespelarar. Eg trur det er viktig å få kantspelarane inn att i spelet vårt, seier trenar Eirik Bakke.
Uviss Hannu
TILBAKE: Hannu Patronen (t.h.) vart utvist då Sogndal og Rosenborg delte poenga i vår. Etter eit skadeavbrot er finnen også med til Trondheim.
Foto: Blom, Christian / NTB scanpixNår det gjeld finske Patronen er det uvisst om han i det heile figurerer i oppgjeret mot dei suverene serieleiarane frå Trondheim. Bakke er nøgd med prestasjonane til Bjørn Inge Utvik og Christophe Psyche.
– Der må vi gjere ei vurdering om vi startar med han, eller om han kjem inn på i løpet av kampen. Alle veit kor viktig Hannu kan vere når han er på sitt beste, seier Bakke og legg til:
– Det er godt å ha dei tre tilbake, sjølv om det blir tøft å ta ut laget. Det er betre å ha den vegen enn å ikkje ha nok spelarar.
– Alt er mogleg
TILBAKE: Gilbert Koomson er aktuell for startellevaren etter å ha sona karantene for gule kort mot Viking.
Foto: Rune Fossum / NRKDet er den suverene serieleiaren som søndag kveld ventar på Sogndal. Trønderane har gått 18 kampar på rad utan tap. For Sogndal enda rekkja på 11 kampar førre helg.
Bakke er offensiv før møtet med norges beste lag. Han håpar på historias første siger på Lerkendal.
- Les også: Sogndal hadde Rosenborg i kne
– I utgangspunktet er dei store favorittar, men vi må ha trua på eigne ferdigheiter. Vi viste på heimebane at vi kan vere på høgde mot Rosenborg. Vi må ha ein maksdag og godt kollektiv, og har ikkje dei dagen så er alt mogleg. Det er 11 mot 11 og alt er mogleg i fotball, seier Bakke.
Historisk siger
Trenaren seier laget gjennom veka har lagt bak seg den dårlege prestasjonen mot Viking. Då tok det over timen før laget vakna. Ein solid sluttspurt hindra ikkje 1-2-tap.
Bakke vedgår at laget må heve seg om dei skal ha poeng med seg frå Trondheim.
– Rosenborg er sterkt kollektivt, og har nesten ikkje svakheiter. Lar vi dei spele for mykje, så blir det tøft. Men det handlar om at vi skal gjere det vi skal gjere, så får Rosenborg vere Rosenborg, seier han og avsluttar:
– Det er viktig at vi ikkje fryktar dei, men vågar å spele vårt spel. Så har jo Sogndal aldri slått Rosenborg borte, så då er det på tide.
SOGNDAL: Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Christophe Psychè, Jukka Raitala - Gilbert Komsoon, Eirik Birkelund, Henrik Furebotn, Lars Christian Kjemhus - Ole Amund Sveen, Martin Ramsland.
BENKEN: Stefan Hagerup, Bjørn Inge Utvik, Magnus Pedersen, Vegard Moberg, Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo.