NRK Meny
Normal

Sogndal si rekordlange rekkje utan tap broten

SOGNDAL (NRK): God sluttspurt hindra ikkje 2-1-tap mot Viking på Fosshaugane. Ein tafatt 1. omgang øydela sjansane for å klatra opp på øvste halvdel av tabellen.

Eirik Birkelund

NESTEN: Eirik Birkelund kunne ha gitt Sogndal 1-0 i starten av kampen mot Viking. Før kampen mot Stavanger-laget hadde Sogndal spelt 11. kampar på rad utan å tapa. Det er klubbrekord.

Foto: NTB Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal møtte tøff motstand mot Viking på Fosshaugane i kveld.

Etter at Eirik Birkelund fekk heada umarkert på Viking-keeper Iven Austbø i det 7. minuttet og kunne ha sendt sogningane i leiinga, festa Viking grepet utover i den fyrste omgangen.

Laget frå Stavanger hadde ei rekkje avsluttingar på Sogndal-målet, og målvakt Mathias Dyngeland måtte ved fleire høve gå ut i full strekk for å hindra skåring.

Men i det 39. minuttet kunne sjølv ikkje den talentfulle Sogndal-keeperen stogga skotet frå Bjørn Daniel Sverrisson.

Rett etter pause kunne Viking ha dobla leiinga. Berre ein akrobatisk beinparade frå Dyngeland hindra 2-0 til laget frå Stavanger.

Gradvis ut i den andre omgangen kom Sogndal meir inn i kampen, men utan å koma til dei store sjansane.

I det 80. minuttet var det derimot Samuel Adegbenro som dobla Viking-leiinga.

Sogndal kom sterkt i sluttminuttane, og innbytar Mahatma Otoo reduserte like før slutt, og han hadde like etterpå ein stor sjanse.

Men Viking vann fortent 2-1 og viser at det ikkje er tilfeldig at dei er det beste bortelaget i eliteserien.

Laster innhold, vennligst vent..
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.