Hopp til innhold

Sogndal tapte nok ein treningskamp

– Sogndal treng ein spelar som kan gje laget meir trøkk, seier trenar Eirik Bakke etter å ha tapt 0–3 mot Brann.

Sogndal tapte treningskamp

MÅ TRENE MEIR: Trenar Eirik Bakke meiner laget må bli tøffare i framfor mål.

– Vi likar ikkje å tape så dette viser at vi har ein del å jobbe med. Spesielt på to dødball-mål i første omgang som gjer at vi blir bakpå. Vi må berre fortsette å spele vårt spel og stole på at det blir bra. Vi møter eit lag som ligg veldig lågt på bana, og vi greier ikkje å bryte ned spelet.

I fredagens treningskamp mot Brann tapte Sogndal 0–3. To av måla kom i første omgang. Målscorarar for Brann var Kristoffer Larsen, Amin Askar og Jakob Orlov. Trass i tapet meiner trenar Eirik Bakke at laget står seg godt.

Eirik Bakke

TRENG FORSTERKINGAR: Trenar Eirik Bakke leitar framleis etter spelarar som kan gje laget meir trykk.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Likar ikkje å tape for erkerivalen

– Det svir litt ekstra å tape mot Brann. Vi skaper for lite sjølv–vi var rett og slett for tamme, seier Rune Bolseth.

Berre veker før seriestart har framleis Sogndal ein jobb å gjere dersom laget skal klare eit opprykk.

– Vi er ikkje fornøgde med det vi har gjort dei siste vekene. Vi må bruke tida godt på å jobbe med viktige detaljar for å skape meir.

Han meiner Brann var klart best gjennom kampen, men at Sogndal hadde ballen mest.

– Dei brukte sjansane best, sånn er det. Vi hadde ikkje høgt nok tempo, seier Bolseth.

Har vore gjennom store endringar

– Det er ei totalforvandling frå i fjor. Vi prøver å ta kontroll over kampane og styre dei, det er ein av dei vanskelegaste tinga i fotball. Vi må vere meir kyniske i eigen boks. Vi må løfte oss mange hakk, men vi viser mykje bra spel. Men det hjelper ikkje viss vi gir vekk sjansane.

Må trene på død-ball

MÅ BLI TØFFARE: – Sogndal må bli tøffare i eigen bok, seier trenar Eirik Bakke.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ifølgje NRK sin reporter på Varden Amfi i Fyllingsdalen løfta Sogndal seg noko i andre omgang. Dette vil Bakke ta med seg vidare.

Må få alle spelarane skikkeleg i gang

– Det er så mange unggutar som kjem inn og gjer ein fantastisk jobb. Vi har fått i gang heile troppen. Likevel er det ein fem–seks gutar som ikkje har vore med på oppkøyringa, så dei er ikkje i fysisk form–det ser vi. Så vi må få skikkeleg i gang heile troppen.

Bakke leitar framleis etter spelarar som kan forsterke stallen, for han vedgår at laget treng meir trykk. Men han held fast på at når heile troppen er i gang så er ambisjonen å ta laget opp att i eliteserien.

– Eg trur at dette skal bli bra, og vi kjem til å bite godt frå oss når det byrjar. Målet for neste år er å rykke opp att, seier Bakke.