Hopp til innhold

Sogndal kom aldri i gang mot Tromsø

Tysdag vann Sogndal 3–1 over Sandefjord. Torsdag vart det tap med same siffer mot Tromsø. – Vi kom aldri skikkeleg i gang, resignerer assistenttrenar Ian McParland.

Kristoffer Nesse Stephensen

TAPTE. Eirik Bergum Skaasheim og Sogndal Fotball klarte ikkje å hindre Tromsø i å vinne treningskampen på den spanske solkysten.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Sogndal fekk det ikkje til i møtet med det nyopprykka eliteserielaget Tromsø.

Robin Shroot sytte for 1–1 til pause då han utnytta ein forsvarsfeil. I løpet av kampens siste kvarter sette Tromsø inn dei to avgjerande måla.

– Vi starta ikkje skikkeleg og vann ikkje duellane. Vi vann ikkje i lufta og vann heller ikkje andreballane så vi fekk i gang pasningsspelet. Det må ein gjere for å vinne kampar, seier assistenttrenar Ian McParland.

Sogndal spelte om Tromsø på La Manga i dag.

SJÅ VIDEO: Ulrik Flo sin reaksjon på treningskampen mot Tromsø. (FOTO/REDIGERING: GUNNAR GRINDSTEIN/NRK)

– Tromsø var kvassare

Mahatma Otoo

IKKJE MÅL: Mahatma Otoo vil skyte Sogndal opp att i eliteserien. Mot Tromsø vart det ingen mål.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Og Tromsø var klart best i treningskampen på La Manga. Ulrik Flo meiner motstandarane var mest innstilte på å vinne kampen. Mot Sandefjord lukkast Sogndal med høgt press.

Slik vart det ikkje mot Tromsø.

– Dei var kvassare i duellane, køyrde høgt press og slo lange ballar på spissen. Det sleit vi med å handtere, sjølv om vi kom meir og meir med etter kvart, seier han.

– Både fysisk, innsatsmessig og strukturert, så verka Tromsø kvassare, vedgår Flo.

Ein månad til alvoret

Ulrik Flo blir intervjua av Endre Romøren i Sogn Avis

VEDGÅR: – Tromsø var kvassare i duellane, vedgår Ulrik Flo, her i intervju med Sogn Avis etter tapet i treningskampen.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Sogndal startar 1. divisjon heime mot Bærum 6. april. Flo er nøgd med måten Sogndal står fram på vel ein månad før seriestart.

– Det er svingande resultat, der fått veldig fram det vi har trent på og i andre kampar litt mindre av det vi vil ha fram. Men det er absolutt mykje positivt å ta med seg og ting byrjar å sitte. Klarer vi å stabilisere oss på toppnivået, så er det veldig bra, avsluttar Flo.