Hopp til innhold

Du ser heilt rett – det er fleire Flo-ar på veg!

SOGNDAL (NRK.no): Du er ikkje på jordet om du synest du drar kjensel på desse karane: Ein ny generasjon med etternamnet Flo bankar på døra til A-laget i Sogndal.

Montasje: Mathias Flo og Fredrik Flo i aksjon for Sogndal

OFFENSIVE: Både Mathias Flo (t.v.) og Fredrik Flo er angriparar og sugne på speletid for Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er mange med det same etternamnet som har gått gradene her, komme seg vidare og til utlandet, men eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på det. Sjølv om det er ein boost å ha det namnet. Men så kan det også bli eit ekstra press, seier Fredrik Flo.

18-åringen er son av sportssjef Håvard Flo i Sogndal, og i ferd med å nærme seg ein plass i A-stallen i klubben. Det er også jamaldringen Mathias Flo, son av tidlegare Sogndal-spelar Jarle Flo. Begge er offensive av legning.

Alt tyder på at soga om den spesielle fotballslekta frå Stryn held fram.

– Det kjem alltid nye Flo-ar her, og dei må vi ta vare på. Det er berre moro det. Men det er også ei bør på skuldra deira. For det inneber litt å heite Flo og spele i denne klubben. Det lovar godt at dei er godt i gang, men vi skal vere tolmodige med dei, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Sogndals Mathias Flo blir takla

FULL FART: Mathias Flo går over ende etter å ha dribla seg forbi ein motstandar i treningskampen mot Hødd.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kjenner ikkje på presset – men vil bli god

Førebels spelar begge Flo-karane for Sogndal sitt andrelag. Men dei har begge fått speletid i treningskampar med A-laget, og Fredrik fekk starte kampen mot Hødd.

Der kunne han fort ha fått si første scoring: Ei klassisk Flo-heading enda i tverrliggjaren.

– Det er veldig kjekt og lærerikt å få prøve seg, seier 18-åringen.

– Korleis er det å spele fotball og heite Flo?

– Det er ikkje noko eg går og tenkjer på. Eg har det kjekt med fotball, samstundes som eg vil bli best mogleg. Eg tek med meg det eg kan få, seier Mathias.

Han legg til:

– Eg kjenner ikkje noko press. Eg slappar godt av med etternamnet mitt.

Mathias Flo (t.v.) og Fredrik Flo

FRAMTIDA: Mathias Flo (t.v.) og Fredrik Flo utgjer den siste generasjonen Flo. Mathias er søskenbarn av Ulrik Flo, Fredrik er søskenbarn av Per-Egil Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kjekt å sjå at dei kan lukkast

Spelarar med etternamnet Flo har gjennom ein mannsalder markert seg i norsk toppfotball. På 80-talet dukka brørne Jostein, Kjell Rune, Jarle og Tore André opp. Dei fekk kampar på det norske landslaget og gjorde karriere i utlandet. Det gjorde også søskenbarnet Håvard Flo.

I nyare tid har duoen Ulrik og Per-Egil etablert seg i toppfotballen. Ulrik er son av Kjell Rune, og er sentral på dagens Sogndal. Per-Egil er nevø av Håvard, og serie- og cupvinnar for Molde.

– Det er klart vi ser litt opp til dei. Det er kjekt for oss å sjå at det går an å lukkast, seier Mathias.

– Kva ambisjonar har de sjølv?

– Eg håpar å ha det kjekt lengst mogleg, men samstundes ha det moro med fotballen. Så eg har ikkje sett meg noko konkret mål. Men eg vil jo bli best mogleg, seier Mathias.

– Eg tenkjer likt. Eg vil spele fotball og sjå korleis det går. Men eg håpar jo å nå lengst mogleg, slik dei andre har gjort, seier Fredrik.

Ulrik Flo i duell for Sogndal

RUTINERT: Ulrik Flo er den etablerte Flo-spelaren på dagens Sogndal-lag.

Foto: Rune Fossum / NRK