Hopp til innhold

Sogndal tapte mot Godset

Ei knapp veke før serien blir sparka i gang tapte Sogndal treningskampen mot Strømsgodset. Likevel meiner sportsleg leiar Håvard Flo at laget ligg godt an til seriestart.

Sidy Sagna

TESTA UT: Sidy Sagna er på prøvespel for Sogndal og fekk vise kva han var god for mot Strømsgodset. Håvard Flo er imponert.

Foto: Rune Sjøberg

– Det er klart vi har litt ting og tang å pusse på som vi skal bli betre på, men eg synest spesielt første omgangen vår i dag, defensivt var den nesten prikkfri, seier Flo til NRK.no etter kampen.

Men det var heimelaget som var best på Marienlyst, sjølv om også Sogndal noterte seg med fleire sjansar.

Til slutt var det heimelaget som greidde å putte ballen mellom stengene. Nesten 20 minutt ut i andre omgang putta Thomas Sørum inn det einaste målet for kampen, og Strømsgodset vann dermed 1–0.

Siste finpuss før seriestart

Dette var generalprøva for Sogndal før seriestart neste søndag, då tek Sogndal imot Tromsø på Fosshaugane.

Sogndal viste greie takter i byrjinga av februar då dei spelte uavgjort mot både Aalesund og Molde, men då dei reiste på treningsopphald til La Manga vart det tap mot både Sandefjord og Sandnes Ulf.

Sjølv om det vart eit nytt tap i dag, vil ikkje Håvard Flo svartmåle situasjonen.

– Vi har ein veg å gå offensivt, men det håpar eg at vi kan få pussa litt på denne veka inn mot første seriekampen, seier Flo til NRK.no.

– Klok spelar

Ein av spelarane som imponerte i treningskampen fredag var midtbanespelaren Sidy Sagna frå Senegal. Sagna kan bli Stephane Badji sin erstattar i Sogndal og er ifølgje Sogndal-trenar Jonas Olsson ein spelar med godt blikk som dekkjer store rom.

Flo er imponert over det han såg av Sagna på Marienlyst Stadion fredag.

– Han overraska meg positivt i dag. Han viser seg som ein klok spelar i forhold til den defensive strukturen.

– Han gjorde sakene sine veldig bra synest eg, seier Flo.

Nære på for fleire

Det vart altså ingen fullklaff for Sogndal-spelarane framfor mål. Mellom anna Ulrik Flo hadde sjansen, men fekk det ikkje til.

– Eg hadde ønskt at Ulrik skulle få seg eit mål slik at han fekk godkjensla, men det var mykje nesten for både han og andre.

– Det er ikkje mange sjansane ein får i løpet av ein seriekamp, så det å setje måla, det må vi vere flinkare til. Om ikkje blir det vanskeleg å vinne, seier den sportslege leiaren i Sogndal.

Har ei god kjensle

I Sogndal er både spelarane og leiinga ivrige på å kome i gang med serien. Neste søndag tek Sogndal imot Tromsø på Fosshaugane, og Flo seier det blir ei viktig veke dei no går inn i.

– No skal vi restituere oss i helga, så starta vi på ny på måndag. Då skal vi halde fram med det vi har jobba med, både offensivt og defensivt, og det blir nok ein del strukturtrening, og litt lystprega trening.

– Dette blir ei viktig veke for å få folk klare til start. Vi har venta lenge, og eg trur spelarane også synest det er greitt å kome i gang, seier Flo til NRK.no.

– Har du ei god kjensle før kampen mot Tromsø?

– Ja, det har eg faktisk. Og ikkje minst at vi får opne på Fosshaugane. Eg trur det skal bli veldig bra.

Sogndal mot Strømsgodset på Marienlyst stadion

TAP: Dei blåkledde vart for sterke for Sogndal då laga møttest til treningskamp på Marienlyst Stadion fredag ettermiddag.

Foto: Rune Sjøberg